Det er ikkje berre utsikta som er verd å få med seg på fjelltur. Lyngen står i full flor i desse dagar. Purpurlyng er ei kystplante som høyrer til i lyngheiane på vestlandet. Han veks berre mellom Jæren og Ålesund og heilt ute mot kysten der det sjeldan er vinterfrost. Purpurlyngen veks tuevis i tørre skråningar og vil ha høg luftfuktigheit.

Røsslyngen dominerer i kystlyngheia og han dekker store område.

Det veks også mange ulike blomar langs vegen. Den aller vakraste er blåklokke. Blåklokke har vore favoritt-villblomen min så lenge eg kan hugse.

Geitrams er for det meste avblømd og frø-fallskjermane sviv som snøfnugg rundt i haustlufta.

Haustfargane har så smått begynt å vise seg.

Tistelblomane står mjuke og vakre i sterk kontrast til resten av planta.

Gullris høyrer til korgplantefamilien.

Ryllik er svært vanleg her.

Blåknapp og rødknapp er i slekt og høyrer begge til Kardeborrefamilien.

Det var ikkje blåbær å finne, berre lyngen som har tatt haustdrakten på.

Blokkebær var det eindel av, men dei freista ikkje.

Norsk asal med umodne bær.

Rogn

og rødhyll står i desse dagar med masse raude bær.

Nyper frå villroser.

Legg merke til desse fantastisk vakre tornene! (Dette er ikkje same rosebusken som nypene er henta frå.)

Bregner og mose i skjønn forening.

Eit vakkert teppe av bjørnemose.

Reinlavarten kvitkrull.

August er den mykeste myke jeg kjenner,
den skjelvende streng mellom sommer og høst
denne dugg av avskjed i mine hender.
E Skjæråsen