Var jeg nærsynt
hadde blikket stoppet opp
ved en ikke ryddet kjøkkenbenk
og et vindu som roper på vask.
Bortenfor benk
og ut gjennom vindu
møter langsynet et tre
med ekorn og småfugl på brettet.
-Jeg velger langsynet...
Bente Nygård

I dag hadde eg eigentleg tenkt å luke i staudebeda mine sidan eg hadde fri, men eg lot ugras vere ugras og gjekk ein lang tur i staden. Eg gjekk saman med ei god venninne. Me prata om laust og fast medan eg fotograferte og ho plukka blomar. No kan du få vere med på turen. Bruk fantasien så kjenner du lukt av honning og sjø og høyrer lyden av bekkar som sildrar, bølger som skvulpar og regn som treff vatnflata som eit sus. Ta deg tid til å klikke bilda store, då får du eit mykje betre inntrykk.

Røsslyngen er no på sitt vakraste.
Succisa pratensis, blåknapp stod langstilka og grasiøse i vegkanten og strekte "knappane" mot lyset.

Ei bie forsyner seg med nektar.

Speglblankt vatn med vannliljer.

Konglene til lerketreet liknar små roser.

Rogna har store oransjraude klasar med bær.

Dette vesle insektet har perfekt kamuflasje.

Blomar og bjørnebærkart, det går enda nokre veker før bæra er modne.

Vivendelen blømer framleis, men no er det meir bær enn blomar.

Villbringebær mmm...

Markjordbær fann me også. Eg lurer på om eg åt denne vesle edderkoppen då eg tok bæret.

Ulike nyansar gjev liv til det grøne.

Sjarmerande hytte.

Vakkert samspel mellom vivendel og klematis i hyttehagen.

Deler av ein frodig grøn portal.

Gammalt kulturlandskap.

Fagerfredløs og andre hagevekster er forvilla til vegkanten.

Nydelege raude blomar på lange strå i strankanten, eg veit ikkje namnet på desse.

Phloks, denne er nok ein rømling frå ein hage. Han ser ut til å trivast saman med bregner.
Achilléa millefólium, vanlig ryllik i rosa og kvite utgåver.

Legg merke til denne vakre floga, ho har vinraude augo og bein og rustraude vengefeste.

Vakker blåbærlyng, men det var ikkje mykje bær å sjå.
Hierácium vulgátum, vanlig svæve.
Hypochoéris radicáta, kystgrisøre.

Vegen me gjekk fører til havet. Me sette oss på eit svaberg og "tok inn" lukt av sjø og tjørebreidde båtar og lyden av bølgeskvulp. Sjølv om det var vindstille var det ørlite drag i sjøen.