Etter ein varm og solrik haust, er det nå kaldare i vêret.
Då er det kjekt å nyte sollyset som lyser inn i stova.
Solskin gjennom blonder, deilig start på dagen.
Eg er så glad i lampen eg har etter farmor og farfar.
Glasspynt i vindauga.
Utsikt mot aust.
Utsikt mot sør.
Ettermiddagsol over austre Bokn.
Blomar på pottene, og blomar i pottene ;)
Når skodda heng tung over Boknasundet er det godt å tenne lampen,
og sette seg i godstolen inne.
Lys i mørketid.
Lampen over har eg kjøpt på Finn.no.
Det andre som står her er også bruktfunn.
Lampen her er arvegods.
Den har nok hatt fot eller hengt under taket i eit oppheng tidlegare, men det er borte.
Det er ikkje berre gammalt hos oss, det er litt nyare ting innimellom :)
Medan eg sit og lagar dette innlegget ser eg på tv-aksjonen.
Eg er så utruleg takknemleg for at eg bur i eit trygt og fredeleg land.