Det er mange hensyn å ta om plantene skal trivast og hagen bli frodig. Her har eg lært gjennom prøving og feiling og eg har fått masse tips og kunnskap i gode bøker og ved å lese hagetidende. Det er også fine tips å hente på hagebloggar rundt om.

Form- og fargesamansetnad har mykje å seie for heilskapen. Nokre planter vil ha det godt drenert og klarer seg med eit minimum av vatn slik som takløk. Ein type timian har også fått plass her.

Fleire sorter sedum likar seg også der det er tørt og klarer seg med minimalt med jord.

På meir skuggefulle stader(her er det sol deler av dagen) er det fint med kvite blomar fordi dei lyser fint opp.

Her har eg sett skogsymre, den med dei små blomane er potentilla alba kvitmure.

Bregna under har kome av seg sjølv og passar godt der ho står.

I sprekker i berget har eg planta krypfredløs, denne er det dessutan greit å ha litt under kontroll sidan han spreier seg med lange utløperar. Krypfredløs likar det eigentleg litt meir fuktig enn han får det her når me har lengre tørkeperiodar, men då vatnar eg litt samstundes som eg vatnar krukker og amplar.

Det er alltid noko nytt å lære og hagen er i stadig endring, det er det som gjer det så spanande :)
I morgon skal eg handle nokre roser og supplere der som frosten for hardt fram i vinter.
Ha ein fin 1. juli :)