Viser innlegg med etiketten Award. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Award. Vis alle innlegg

torsdag 22. oktober 2009

Award og utfordring :)

Eg har fått denne fine awarden frå mi gode bloggvenninne Juni.
Tusen, tusen takk! Håpar at me får det til å treffast "live" om ikkje for lenge :)
Eg blir utfordra til å fortelle sju ting om meg sjølv og å dele awarden vidare til sju andre.
7 ting om meg:
1. Eg er veldig glad i alt som lever og gror i naturen, både dyr, fuglar og blomar.
2. Eg er veldig glad i jobben min i barnehagen.
3. Eg er fasinert av alle årstider, men forventningen om våren og lyset om sommaren er aller best.
4. Eg har tre fantastiske barn, dei er saman med mannen min, dei aller viktigaste i livet mitt.
5. Eg er eit utprega B-menneske, eg likar seine kveldar og søv gjerne til klokka ni om morgonen om eg ikkje må opp før.
6. Eg er sosial og likar å vere saman med menneske.
7. Eg skulle veldig gjerne hatt hatt ei fast turvenninne eller turgjeng som eg kunne gått ilag med to-tre gonger i veka, eg kan vere litt treig til tider.
Så til den delen av awardane som eg likar minst, nemlig å dele vidare. Ikkje det at eg ikkje finn nokon å gje han til, snarare tvert imot. Derfor gjer eg dette på den enklaste måten; eg utfordrar deg som er innom som har lyst å skrive litt om deg sjølv til å ta awarden med deg til din eigen blogg :) Alle de som er innom hos meg og kommenterer titt og ofte er verd denne :)
Ingen nemt, ingen gløymt :)

mandag 27. juli 2009

Get more friends.

Det er en fin ting og vinne venner
og så lett som det går.
Den som sitter ved din side
kan du vinne med et smil.
Denne koselege awarden har eg fått av Flittige hender og Solsikken. Tusen takk begge to :) Eg hugsar då eg fekk min første award ei lita stund etter at eg var begynt å blogge, eg blei så glad! Eg var inkludert i "det gode selskap". Etter dette har eg fått mange awardar. Eg blir framleis glad for at bloggvenner deler desse med meg. Det som etter ei tid blir litt problematisk er å fordele dei vidare. Dei fleste får same awardane av mange, det er også dei som vel å ha bloggen sin fri for awardar. Eg må innrømme at eg har fått fleire eg ikkje har laga innlegg på og delt vidare fordi dei har kome litt tett til tider. Denne gongen vel eg å dele han vidare så får du som får han velje om du vil lage innlegg på det eller ikkje.
Først vil eg gje awarden tilbake til dei to eg fekk han av:
Flittige hender og Solsikken, begge har bloggar eg set stor pris på.
Det er så mange bloggar eg er innom både titt og ofte og eg deler awarden vidare til desse denne gongen:
og sist men ikkje minst til Troika sin blogg. Troika er ei skjønn lita hundejente som nettopp har fått ny heim hos brudeparet eg laga eit innlegg om for ei lita stund sidan.

søndag 15. februar 2009

Gåvedryss.

Ein dag eg kom heim frå jobb i januar låg det ein liten pakke pakka inn i gråpapir og venta på meg. Det var ei vakker lita gåve frå Hulda, "bloggtrøst" kalla ho det sidan eg var utan data. I pakken låg det to nydelege kort som ho hadde laga sjølv.
I tillegg hadde ho lagt oppi tre merkelappar, M for Marie, E for Elin og H for Heimdal.
I det eine kortet hadde ho skrive ei helsing til meg. Det andre kortet står det Det blåeste blå på og det er utan tekst inni. Eg trur neppe at eg kjem til å gje det bort, det er så vakkert!
Tusen, tusen takk snille Hulda! Dette var verkeleg ei stor glede å få!
Det har også dryssa nokre awardar ned over Heimdalhagen medan "blogghagen" låg i vinterdvale. Ida har vore ekstra raus med meg, desse tre første kjem frå henne. Tusen takk!
Denne første "I love your blog" awarden gjev eg vidare til bloggen Fivreldagar. Ho og eg tenker mange av dei same tankane, men ho har ei eineståande evne til å sette ord på dei som ikkje eg får til. Ho skriv på eit framifrå nynorsk. Som me veit er det motstridande meiningar om nynorsken og det er godt å oppleve at det er fleire enn eg som synest at det er den beste måten å ordleggje seg på.
"Æresborger av Blogglandia" til mi gode venninne BeritT. Takk for ei koseleg stund og god mat og kaffe hos deg.
"Det gror etter gode ord" går vidare til Steinbokkjen, hos henne er det mange godord til ettertanke og inspirasjon i kvardagen. Dessutan skriv ho dei "heeeeerligaste" kommentarane i heile Blogglandia!
"Med hjarte på rette staden" har eg fått hos Berit. Berit er ei av dei eg kjenner godt også i det verkelege livet og ho er ei dame som verkeleg har hjarte på rette staden! Tusen takk Berit! Denne sender eg sporenstraks vidare til Hulda som også er ei dame med hjarte på rette staden.
"Inspiring Blog" takkar eg Moseplassen for! Eg finn inspirasjon hos så mange av dykk så om du ikkje har denne frå før så ta han med deg og del han vidare om du vil.
Tusen takk til Eba & co for "Marie Antoinette"!
"Flott blogg" fekk eg frå Lille meg, tusen takk! Sender han vidare til den flotte bloggen til Gamleheksa!
"Kreativ blogger award" kom på ein sopelime frå Gamleheksa. Tusen takk! Eg sender han vidare med lynbod til Eba & co. Ho lagar nydelege kort!
Tusen takk til Besta og Steinbokkjen for denne siste "Din blogg gleder mitt hjerte"! Det er så mange bloggar som verkeleg gler hjarta mitt, det blir feil for meg å gje denne til nokre få. Det gjeld vel eigentleg dei andre også, men det er jo kjekt å vere med å dele vidare også.
God søndag :)

mandag 15. desember 2008

Puss, puss så får du ein suss.

No var det vel ikkje denne typen pussing det er snakk om i visa til Trond Wiggo, men pussa det har eg gjort i dag. Sølvbestikk og litt messing og kopar. Kjekt med levande lys i blanke nypussa stakar.
Litt julestemning i kjøkkenkarmen.
Tørre vafler er lagt til "kakesamlinga". Det blir ikkje sju slag hos meg, eg har laga dei tre slaga eg likar best. Betre å lage det som blir ete, enn å bere kakene inn og ut.
Koseleg å sette fram dei gamle kakeboksane eg hugsar frå min eigen barndom.
Stova blir ikkje julepynta på nokre dagar enno, men ei julestjerne er komen på bordet.
For eitogeithalvt år sidan hadde eg ikkje peiling på kva ein blogg var og datakunnskapen var minimal, i går runda teljaren på bloggen min 40000. Blogging har blitt ein kjær hobby for meg. Sjølv om me sit kvar for oss er det likevel veldig sosialt. Eg har fått mange nye kontaktar og også gode venner. Takk til alle som kikkar innom sida mi og ikkje minst takk til dei som legg igjen spor som koselege kommentarar. 5-10% legg igjen ei lita helsing. Til deg som ofte er innom og som ikkje gjev deg til kjenne, kva med å legge igjen ei lita helsing? Hadde vore kjekt å visst litt om kven som er på besøk. Du treng ikkje ha blogg sjølv for å kommentere.
Så har eg fått ei utmerking for koselege helsingar frå Frå eit A4-liv.
Eg seier tusen takk! Kommentering att og fram er det koselegaste av alt med blogging synest eg! Det er meiniga at eg skal dele denne med tre stykke. Vanskeleg dette for eg burde gitt han til så mange. Eg vil velje tre av dei som er ivrigaste til å kommentere hos meg.
Først vil eg gje han til Ida, ho var den aller første som "tok meg inn i blogglandiavarmen". Det var ei udelt glede å besøke henne på Sotra i haust.
Neste som får han er Berit, barndoms-/brev-/blogg-venninne, ei av dei aller beste!
Sist men ikkje minst vil eg gje han til Lille meg som legg igjen kommentar på alle innlegga mine og som eg har fått veldig god kontakt med.
Til alle de andre som jamt og trutt kjem med koselege helsingar på bloggen min; eg set utruleg pris på dykk alle :)
Legg di hand i mi hand, så er vi sterke saman
Så er vi svake saman
Så er vi saman

lørdag 13. desember 2008

Award, utfordring og julebakst.

Ida, mi gode bloggvenninne har gitt meg ei utmerking. TUSEN TAKK IDA!

Det følgjer ei lita utfordring med utmerkinga. Fem ting eg er avhengig av:

1 Familie og venner.

2 Eit stor krus kaffi etter frokost.

3 Kamera.

4 Brillene mine.

5 Hagen min.

~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~ I dag har eg endeleg fått baka litt. Grove rundstykke og to slag småkaker.

"Vepsebola" er i boks. Kakeboksane har eg fått av mor, mange gode juleminne dukkar opp når eg tar fram desse.
Konfektkaker som inneheld nøtter og sjokolade.
Denne fine julegleden fekk me frå barnehagen som takk for at dei fekk koma på besøk og sjå kalvane våre.
God 3. søndag i advent :)

onsdag 3. desember 2008

På tide å takke.

Eg har fått ei rekkje utmerkingar utover hausten. Kanskje det er på tide med eit skikkeleg takkeinnlegg. Eg har utsett det så dette blei mykje på eingong. Håpar på forståing for at eg ikkje kan dele vidare alle som burde vidare. Eg seier TUSEN TAKK til alle som har delt desse med meg! Frå Randi med bloggen Hverdagsprat har eg fått denne koselege adventshelsinga. Neste på lista fekk eg også frå Randi-Hverdagsprat tidlegare i haust. Petunia har også laga utmerking sjølv, tommelen opp for denne! Must see-blog frå Gårdslivblogg, Steinbokkjen, Garden Angel-Interiør og hage og Lille meg. You make me smile frå Lille meg, Garden Angel og Steinbokkjen.
I love your blog frå Kostas.
Koselig blogg frå Steinbokkjen.
Frå Eba, Liv og Eie.
I love your blog frå Berit og Evalahos.
Inspiring Blog frå Ida og Naturglede.
Art creativity frå Lena- Porcelenstrand.
Eg må med skam melde at eg har gløymt å notere meg kven eg fekk denne frå og eg kan heller ikkje finne det igjen. Lei for det.
Frå Porcelenstrand og Lille meg.
Your in my heart blogger frå Ida.
Frå Lille meg.
Frå Lille meg.
Frå Ida.
Denne søte vesle dalmantinerkvelpen er også frå Lille meg.
Denne siste har eg fått frå Steinbokkjen og Petunia.
Her er litt om tankane bak denne utmerkinga, sitat: Denne bloggen investerer i og tror på NÆRHET- nærhet i rom, tid og forhold!"Disse bloggerne er usedvanlig sjarmerende og søte,og formålet er å finne og å være venner. De er ikke opptatt av utmerkelser og selvhevdelse.Vårt håp er at når båndene på disse utmerkelser er kuttet, vil enda flere vennskap ha forplantet seg.Vær vennlig å gi litt ekstra oppmerksomhet til disse! Gi denne utmerkelsen til åtte bloggere,som igjen må velge seg åtte nye. Inkluder denne teksten på utmerkelsen deres.
Så er eg komen til det eg synest er vanskelegast med desse awardane, nemleg å dele vidare. Eg har så mange bloggvenner rundt om, alle har sine unike bloggar som eg likar veldig godt. Dette blir nesten som å trekke namnelappar or ein hatt, det tar for lang tid å lenke til alle eg eigentleg kunne tenke meg å dele til.
Så - denne gongen blir det desse bloggane eg vil dele denne siste awarde med; Lille meg, Randi-Hverdagsprat, GundaM en liten hagevandring, Anemone-Litt av meg, Rune-Visual Norway, Anne Berit-Mitt glade(hunde)liv, Turid-Strikketur, BeritT og Kathrine- Kathrinehagen.
I tillegg til desse vil eg takke alle som jamt og trutt legg igjen koselege kommentarar på bloggen min! Eg set utruleg pris dykk alle!