søndag 30. oktober 2011

Langvegsfarande gjester og heimlege husdyr.

Nei, eg har ikkje sommarfuglar i hagen lenger nå, desse bilda er frå tidlegare i haust. 
Admiral-sommarfuglane kjem flagrande frå sørlegare trakter i mai.. 
Dei legg egg på nesleplanter og den nye generasjonen lever  til 
langt uti oktober om det ikkje blir for kaldt. 




Vår heimlege humle derimot har verken lydlause eller fargerike venger, 
men ingen er så velkommen i hagen min som henne. 
Godmodig og surrande er ho det første insektet som ber bod 
om at det går mot varmare dagar om våren :)

God søndag :)

torsdag 27. oktober 2011

Julegåvetips, Heimdal-kalender :)





I morgon bestiller eg kalenderane. Eg kjem ikkje til å kjøpe noko særlig meir enn det eg får bestilling på sidan kalenderar bokstaveleg tala går ut på dato :)
Eg tar 200 kr for kalenderen som er i ekte fotokvalitet. Kalenderen er 30x40cm.
Du finn oppsett til kalenderen HER.
Så om du vil ha, ta kontakt :)

søndag 23. oktober 2011

Kalender 2012

Eg vil også i år lage eigen kalender. Om nokon har lyst å kjøpe av meg så send meg ein mail; marie.vaagshaug@gmail.com, helst før 28.10
Øvste bildet blir framsida av kalenderen.
Januar, her har eg prøvd å fange litt vinterlys.
Februar byd også på korte dagar.
Mars, sist i  månaden lyser krokusen opp om me får nokre milde dagar.
April, mange skjønne små kjem til verda.
Mai, månaden då villapalen blømer.
Juni. det gode liv for små og store.
Juli, tid for hage.
August, ettersommar.
September, det går mot haust.
Oktober, varme fargar frå gult til brunt.
November, stort sett snøfri hos oss.
Desember, dagane er korte.


Kalenderen er 30x40 cm og er i ekte fotokvalitet.
Det er plass til å notere i dato-rutene.

lørdag 22. oktober 2011

Ei gong for lenge sidan...

...sprang det leikande barn her...
Nå står desse gamle husa til nedfalls fura og verbitte, men likevel vakre i all si einsemd...



Som lauv er du og eg.

Fort skjelvande, og fort borte. 

Kom -

Tarjei Vesaas

søndag 16. oktober 2011

Heimdal-huset, snart ferdig utanpå.

Hei til slekt og venner som har spurt etter oppdatering om husrenoveringa.
Nå manglar det berre littegrann maling og rekkverk rundt verandaen før huset er ferdig utvendig.

På vindaugene i andre etasje skal det monterast sprossekassettar.

Nordsida skal få eit malingstrøk til. Det same gjeld listverk ved inngangsdøra.
Velkommen inn!
Taklister og nokre av vindaugelistene er på plass.
Litt fleire lister, parkett på golvet og eindel kjøkkenarbeid igjen før oppussing.

Gledar oss STORT!

fredag 14. oktober 2011

Sjarmør i pels :)

Eg har dei siste dagane gått gjennom ein god del bilde med tanke på å lage kalender. 
Idet eg leita gjennom aktuelle bilde kom eg over denne serien eg tok av Balder i 2009. 
Sidan det er ei stund sidan eg hadde Balder på bloggen lar eg han helse alle god helg frå meg idag :)









I dag er det "freddan", hugs å kose litt ekstra med dei du har rundt deg :)

GOD HELG :)

fredag 7. oktober 2011

Hausten er her.

Sist helg hadde me eit lite pust av sommar her hos oss, 
men nå er hausten definitivt her med kuling og kraftige regnbyger.
Slutten av april bar bod om ein varm og solrik sommar, men det varte dessverre ikkje lenge.
Me fekk mange gråversdagar.


Temperaturen har vore sånn nokolunde så mange av vekstene i hagen har likevel vist gode teikn på trivsel.
 Flott å sjå forvandlingen frå knopp til utsprungen blom. 
Scabiosa hadde få blommar i år, eit tydeleg teikn på for lite sol.

Ryllik blømer seint og lyser fint opp på ettersommaren.

Oktoberbergknapp er fin både i knopp og blom. 
Han trekker til seg masse insekt når blomane opnar seg om hausten.


God helg, tenn lys i haustmørke :)