fredag 12. oktober 2018

Hageglede

Då er sommaren 2018 historie,
men du verda for ein fantastisk sommar me fekk i år!
Varmt og strålande vêr heile sommaren.
I september kom regnet, og etter det har det kome store nedbørsmengder.
No dei siste dagane derimot har me hatt strålande sol og varme vindar.
Eg har nytta høvet til å tømme kassar og potter.
Dei fleste krukkene står nå vinterlagra i kjellaren, 
og skaugumbegonia- og sommargeorgineknollar ligg frostfritt i potetkjellaren.




'Leonardo da Vinci'- og 'Bonica rosene blømer framleis, 
det same gjer geraniumen 'Rozanne'.
'Rozanne' er ein fantastisk staude, blømer rikt og lenge. 
Den er heller ikkje sneglefavoritt.


Det meste rundt meg har ein grønn/gul/brun fargepalett ispedd litt raudt.
I dag blæs det frisk og det er meldt regn, 
så snart ligg den fargerike bladpryden på bakken.

Heldigvis kan eg framleis nyte sommarens blomeprakt, via bilde på ulike skjermar.


Her frå terrassen.


Roser stortrivst med sol og varme.



Klematis.


Stjerneklokker Campanula poscharskyana og Betlehemsklokke (Campanula isophylla)
fekk det i tørraste laget i sommar, men dei har vore fine no etter at regnet kom.


Begonia x tuberhybrida og Begonia multiflora stortrivst i skuggen.


Mjødurt, skaugumbegonia, og gjerdesolhatt blømer i august.


Litt av kvart. Det rosa er strandkattehale.


 Heile september og godt ut i oktober regna det ei einaste lang regnbyge. 
Endeleg etter eit par soldagar kunne tredjeslåtten slåast, rakast, pakkast, 
og køyrast heim og lagrast til vinterfor, både hos oss og naboane.


Dei aller næraste naboane får maten servert både sommar og vinter. 
Fredelege og vakre dyr som likar å helse på når eg går tur.


Eg seier takk for denne gongen med dette diktet av Per Sivle

HAUST
Kvar vart det taa alle dei Fuglar,
       som song
i Sumar so vænt millom Greino?
       Sidan eg høyrde deim
       ender og Gong;
og so vart det Stilla i eino.
— Han tagnar, Fuglen, mot Hausten.

Kvar vart det taa alle dei Blomar,
       som stod
og nikka i Ljos og i Ange?
       Eg ser yver Bøen,
       men er inkje god
faa Auga paa ein av dei mange.
       — Han visnar, Blomen, mot Hausten.