mandag 30. juni 2008

Frøken markblomst.

Eg vil gjerne få presenter frøken Lillann Storkenebb. Eg veit ikkje heilt kva sort storkenebb dette er, veit du som les dette det så legg igjen ein kommentar. Frøken Lillann skal vere med i ein liten missekonkurranse som Moseplassen arrangerer. Følg lenka til Moseplassen så ser du kva det går ut på.

søndag 29. juni 2008

Sunday peace. / Sundagsfred.

Eg hadde eigentleg tenk å gå ein skikkeleg lang og god tur i naturen i dag, men no sit eg her med tett nase og litt sår i brystet. Det er ein del bassiller som sviv i ein barnehage, og me vaksne snappar nok også opp litt av kvart. Fann ut at det er kanskje best at eg roar meg inne i dag. Barnehagejobben er forresten midt i blinken for meg, eg storkosar meg saman med dei små. Det er stille i huset, mannen har jobba i natt og "feriegjesten" ligg også frampå. Eg sit og kosar meg i bloggverda. Har vore innom hos mange som har lagt igjen kommentar hos meg dei siste dagane. Eg har kikka litt i bildearkiva mine, eg har mange bilde eg ikkje har brukt på bloggen og har funne fram nokre som eg har lyst å vise. Hadde løvetann vore vanskeleg å få til og sjeldan er eg sikker på at han hadde vore høgt elska, men sidan han er den han er, er han ein vakker blome "alle" elskar å hate! Ugras? JA! Men du så vakker! Ikkje rart at han "poppar opp" overalt, løvetannfallskjermar dansar avstad ved det minste vindpust. Eit av naturens mest vellukka underverk, han veks på dei mest karrige stader og lyser opp som små soler i mai. Til og med gjennom asfalt stikk han nasen opp og smiler mot verda, "du stansar ikkje meg må du tru!" Livslyst, livsglede og livsvilje! Kanskje har me noko å lære om ikkje å gje opp når livet ber i mot.
"En svale gjør ingen sommer" blir det sagt, men denne vesle krabaten gjorde min dag både lysare og varmare. Då eg skulle gjere reint eit av romma til døtrene våre skulle kome heim på ferie sat denne vesle svaleungen og sov utanfor vindaugsruta. Eg henta kamera og fekk desse bilda gjennom ei ikkje heilt rein rute.
Her kikkar han forundra og søvndrukken inn i kamera, og vips så er han på vengene. Er han ikkje skjønn? Ønskjer alle gjestene mine ein fin og god sundag :)
Og hugs at ein treng ikkje ha blogg sjølv for å legge igjen ein kommentar. Du kan legge inn kommentar som anonym, prøv da vel!

torsdag 26. juni 2008

Sky Watch Friday.

The night between Saturday and Sunday last weekend I drove home from a party. I took some photos on my way home. The first photo was taken at 2.15am. the last one was taken at 2.45. Go to Tom for the sky watch blog roll. Thank you for your kind comment on my last sky watch post :)

onsdag 25. juni 2008

Garden joy. / Hageglede.

Det har vore litt stille her hos meg dei siste dagne. Eg har fått sommarjobb i barnehagen her eg bur, skal jobbe fullt heile sommaren. I helga var eg i fødselsdag både laurdag og søndag. Det er også tid for feriegjester og anna besøk så det har ikkje vore mykje tid til å sitte ved dataen. Eg har som mål å svare på alle kommentarar eg får, så om du har lagt igjen kommentar på eit av dei siste innlegga utan at eg har vore innom hos deg dukkar eg nok opp om ein dag eller fem. I dag har eg klippa mestedelen av plenen, etterpå tok eg nokre bilde av noko av det som blømer i Heimdalhagen for tida. Sist eg var i Haugesund kjøpte eg denne bøtta og ein krysantimum som passa til. Stjerneskjerm trivst hos meg. Eg har to ulike variantar og kan godt tenke meg fleire.
Prinsessespirea. Hosta. Strandkattehale. No blømer rynkerosehekken 'Moje Hammerberg'.
Takløk har vakre blomar. Dei døyr etter at dei har blømd, men dei har som regel sett avleggerar. Under, ein sort bergknapp. Nellik. Kryptimian.
Humle er ein staude som visnar heilt ned om vinteren og som kan strekkje seg fem seks meter opp langs ein stolpe gjennom ein sommar. Vill vivendel har eg mykje av, han fyller sommarkveldane med herleg lukt. Fagerklokkene har kome med nokre kvite eksemplar. Scabiosa har eg ulike variantar av. Sommarfuglane elskar dei.
Ridderspore. Iris. Ballblom. Rosene er litt frynsete i kantane etter alt regnet. Eg ønskjer alle sol og sommar :)

torsdag 19. juni 2008

Sky Watch Friday.

A thunderstorm is on it's way! Go to Tom for the sky watch blog roll.

tirsdag 17. juni 2008

På fotosafari med Jan Rabben.

I gårkveld var eg på fototur/kurs i Tysvær. Naturfotograf Jan Rabben kom med gode tips, både til dei med flotte speilreflekskamera og dei av oss som berre hadde compactkamera. 30-40 stk møtte for å vere med. Dette var så mange at Jan Rabben ikkje kunne følgje opp kvar enkelt, men alle kunne få komme med spørsmål. Me fekk lære eindel prinsipp for å få gode bilde. Mykje gjekk på utstyr til speilreflekskamera. Uaktuelt for meg, men likevel interessant. På bilde under viser Rabben noko av det fotoutstyret han alltid har med seg når han er ute og fotograferer. Som profesjonell fotograf ber han rundt på utstyr til omlag 100-tusen kr!
Etter litt undervisning skulle me finne motiv og sette lærdom ut i praksis. Om ein skal fotografere mot horisonten er det viktig at horisontlinja ikkje kjem midt på bilde. Er det himmelen som er hovudfokus skal to-tredeler av bildet vere himmel, er det landskapet som er motivet skal himmelen berre vere ein-tredel. Når ein tar bilder i motlys med speilreflekskamera kan ein bruke filter slik at himmelen blir blå og ikkje kvit som det vil bli med eit compactkamera.
Me lærte også litt om å lage djupne i bilda ved ha med noko nære i tillegg til det som er langt borte. Når ein skal fotografere planter er det viktigaste å kome tett nok på. Heilt ned på kne for å få med alle detaljar.
Studer bilda over og under, same blom, men ulikt resultat.
Me lærte også om "det gyldne snitt". Bildet blir meir harmonisk når hovudmotivet ikkje er midt i sentrum av bildet. Eg har laga ei lita skisse på det nedste bilde med forklaring.
Fokusering.
Me blei utfordra til å finne ulike motiv der det "berre" er gras og lyng.
Effektar ved motlys. Her kjem nervene i blada tydeleg fram. Fargekombinasjonar. Kontrastar. Komposisjon.
Bakgrunn (over/under). På bilda frå fjæra har eg prøvd å praktisere noko av det eg har lært.
Eit lite døme på "oppdeling" av bildet. På dette bildet er hovudfokus refleksen i sjøen, då skal totredeler av bildet vere under horisonten. Om eg har forstått det med "det gyldne snitt" rett skal motivet ha sentrum i eit av kryssa og ikkje midt i bildet. Tar ein bilde av ein fugl i flukt skal fuglen ha meir luft framføre seg enn bak seg, han skal ikkje vere på veg ut av bildet. Me var ute tilsaman ca to timar. Etterpå kunne dei som ville få vise bilda sine til Rabben og få kommentarar. Det var ganske stor kø av dei som hadde det beste utstyret, det gjekk i lukkartider og filtre og ulike ting som er uaktuelt for ein amatør som meg. Så eg tok kamera med meg og gjekk heim. Eg hadde ein fin kveld, ein fin tur og eg fekk mange gode tips. Så vil det vise seg om dette gjer meg til ein betre fotograf.