fredag 30. juli 2010

Dilla på lilla :)

Gult er kult!
Grønt er skjønt!
Blått er flott!
Rødt er søtt!
I tillegg har eg dilla på lilla :)))

tirsdag 27. juli 2010

mandag 26. juli 2010

Glede og vemodstankar.

Når eg er ute og omgjev meg med alt det vakre som blømer i desse dagar kjenner eg vemod over at mor ikkje får oppleve dette... Når kveldane er lyse og lange og tilsist raudnar i nord, når mørkre ikkje får skikkeleg tak før det igjen lysnar i nordaust tenker eg på kor stor pris ho sette på tida fram mot midtsommar.
Eg saknar at ho kjem ut i hagen ei kveldstund først i mai, ruslar rundt, støer seg på staven og seier; "du har fått gjort møkje i dag Marie". Eg veit at ho hadde gledd seg stort over første oldebarn som blei fødd no i mai og over at eit til er på veg. Samstundes hadde ho hatt sut for framtida deira. Ho hadde også gledd seg over at barn og barnebarn hadde vore ein del av sommaren hennar. Ho hadde vore glad for at flyet eldste barnebarnet kom heim med ikkje datt ned denne gongen heller. Ho hadde bekymra seg for at jenta som er på fjelltur i Sogn skulle skli utføre ein fjellskrent og "skamfore" seg og ho hadde vore glad når ho visste at båtfolket låg trygt fortøydd. Det hadde gleda henne og vore med meg på biltur til ei av dei andre døtrene, sett på naturen langs vegen medan jentene mine sat i baksetet og song tostemt. Idet me køyrde ned vegen her heime etter heimturen hadde ho sagt at ho kunne køyrt i mange timar til... Gode minne iblanda vemod og glede ein solrik og varm sommardag her på Heimdal.

lørdag 24. juli 2010

Lys, form og farge.

Testing, testing, eg kjem visst ikkje over det stadiet med det første, hehe.
Her har me herlege sommardagar og både menneske og blomar nyt sol og varme :)

torsdag 22. juli 2010

Stjerneskjerm.

Astrantia, Stjerneskjerm er ei av favorittstaudene mine.
Stjerneskjerm passar godt saman med strandkattehale. Etter mykje regn i det siste ser det nå ut til at me skal få nokre soldagar. Herleg :)

lørdag 17. juli 2010

Gjester med blomegåve :)

Vakre peoner fekk me av gjestene me hadde på besøk i dag :)
God helg :)

fredag 16. juli 2010

Nå blømer rosene.

Denne vakre (minimum 80år gammal) prestegardsrosa er eit syn i desse dagar. Dumme meg har planta breiskolm midt farmføre. Ikkje så fint nå, men heilt greit når rosa er avblømd.
Rosene luktar deilig barndomssommar :) 'Nostalgi' er av nyare dato. Denne rosa stortrivs hos meg, er riktblømande og har kraftig mørkt blankt bladverk. Rosa under har eg hatt nokre år, eg har ikkje namnet på henne. Rosa har tette klasar med varmraude roser. Eg har planta fleire nye roser i år, er spent på korleis dei vil trivast. Eg har mellom anna kjøpt mi første Austinrose 'Mary Magdalene'. Klaserosa 'Aspirin' klarte seg gjennom vinteren. Det same gjorde 'Schneewittchen'. Ho er veldig spinkel her hos meg iallefall, men rosene er fullkomne. Eg las ein stad at dette er den optimale rosa, skinande kvit med ei perfekt form. I eit anna bed har eg roser i gyldne fargar, her 'Sekel'. Eg har 'Westerland' og 'Sahara' her også, men dei blømer ikkje ennå. Framføre dette bedet har eg ei rekke med bunndekkrosa 'White Cover'. I fem krukker har eg miniatyrroser 'Mini Mandarin'. Dei blømer rikt og er skjønne synest eg. Rosene står lenge og blir litt blassare etter kvart. 'Friesia' er den første rosa som blømer i hagen min, berre så dumt at desse står så kort tid før dei drysser. Nede ved ytre grensa av hagen er det ofte sterk vind (som idag, kuling), her har ein hekk av rynkerosa 'Moje Hammerberg'. Nå skal jo slike roser helst utryddast her i Norge, men dei skal få stå ei stund her hos meg iallefall. Ei einsleg buskrose 'Robusta' liver for vinden i roserabatten. Eg vurderer å flytte denne for ho passar ikkje heilt inn der ho står, slik som det er med så mykje her i hagen min, hehe. Nå ventar eg på at fleire av rosene skal springe ut. Det blæs stiv til sterk kuling frå søraust her og legg flatt det meste, huff.
God helg :)