I am very honored to receive the Make My Day Award from Musings.
I am copying the text of rules that Musings wrote.
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Award Rules~
Eg har mottatt fire Kreativ Blogger awardar dei siste dagane og no er det vel på tide at eg gir han vidare til bloggar eg likar. Først vil eg seie tusen takk til Interiørgleder, Litt av meg,
Som dagene går og Ida's little corner of the world. Eg blir like glad kvar gong nokon gjev meg ein award!
Så over til dei eg vil gi awarden til. Det er mange vakre, kreative, koselege, inspirerande og flotte bloggar. Ikkje lett å velje berre nokre få. Denne gongen har eg valt bloggar som er nokså nye, dei fleste har starta opp med blogging dette året. Det er så kjekt å bli kjent med nye bloggar, nokre av dei blir straks favorittar som eg ofte besøker.
Den første eg vil gi awarden er Oleiv Lenes Krativitet. Ho har ein koseleg blogg med bilder tatt ute og inne og med innlegg om handarbeid, familie og litt av kvart elles.
Den andre eg vil gi awarden til er Maritas Hage. Bloggen er ein hageblogg og eg storkosar meg hos henne.
Moseplassen er også ein av mine nye favorittar, her finn eg mange tips om planter og hage. Her er også nydelege bilder.
Gårdslivblogg handlar om livet på ein gard, om hage og natur. Midt i blinken for meg, her føler eg meg heime.
Den siste eg vil gi ein award denne gongen er Eba & Co, her er det bilder av vakre og koselege heimelaga kort. Eg fekk sjølv dette stilege kortet frå Eba i februar. Som det ser har eg lenka til både dei eg har fått awarden frå og dei eg har gitt han til, alle er vel verd eit besøk!
~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~
Eg har også fått mine "femten minutt i rampelyset". Kjekt at Bokn kommune og Bygdabladet vil lenke til Heimdal på sida si, men det er litt skremande også. No blir eg vurdert av mange som kjenner meg. Eg vil seie til mine nye gjester at dette er ikkje noko tidskrift på nokon måte, men min personlege blogg som vil vere farga av min ståstad, mine interesser og mine meiningar. Du er hjarteleg velkomen inn som gjest når du måtte ønskje :) Legg gjerne igjen ein kommentar, det set eg stor pris på!
Hestekastanjene blømer hos meg i desse dagar. Herleg å sitte under trea og høyre på humlesurr og biesus. Ein fredfull plett på jord.
Engfiol, Viola canina ssp. canina, klorar seg fast i ein liten bergsprekk.
Gjerdevikke, Vicia sepium.
Jonsokblom, rød praktstjerne, Silene dioica.
"Og når liene grønkar som hagar kan han ingen stad venare sjå".
Imellom trea i denne lia veks ramsløken tett, det er som om eg kjenner løklukta berre ved å sjå på bileta.
Ramsløk, Allium ursinum.
Engsoleie, smørblomst, Ranunculus acris.
Smalkjempe, Plantago lanceolata.
Tveskjeggveronika, Veronica chamaedrys, er liten og unnseeleg, men utruleg vakker når ein berre kjem nær nok.
Ulike tre gjev "liv" i det grøne.
Eg passerer fleire hus og hagar langs vegen, her er det både prydeple og vanleg eple som blømer. Epleblomen er ein av dei vakraste blomane eg veit om.
Dette er ei av Bokn sine vakraste perler etter mi meining.
Tiriltunge, Lotus corniculatus.
Framme på Vågshaug, her beitar sauene og kalvane våre om sommaren.
Her ligg dei små tørt og godt og i ly for vind og ver, men her er mykje mår så me får håpe at han ikkje oppdagar heimen deira.
Så var det "slangen i paradis", eller rettare sagt reven i paradis. Me har aldri sett rev her før, men no er han her. Då me såg om sauene våre for nokre dagar sidan mangla det minste lammet. Lammet blei køyrd ut her saman med eit søsken og mora to dagar før. Me leita i timevis og tilsist fann me det oppå ein bergnabb under ein einerbusk. Hovudet var borte og det hadde tydelege bitemerke over ryggen. Reven har vore inne på innmarka berre nokre meter frå huset til svigerforeldra mine då han tok lammet. Berre ei veke før hadde me hjelpt det til verda fordi det låg feil veg under fødselen. Far min sa ofte; det kjem ikkje på vaglet alt som piptar, og det er så sant, så sant.