lørdag 7. juli 2012

Julikveld.

I gårkveld hadde me ein sånn sommarkveld som eg ønskjer meg mange av i sommar.


Ikkje eit vindpust.


Ein kvileplass "under dei lauvtunge tre".


Søt, sterk lukt av vivendel lokka fram gøymde og gløymde minne frå andre sommarkveldar.


Ei av dei deiligaste lukter som finst.



Nærsyn eller langsyn, eg nyt begge deler.



Himmelen ber bod om at det er regn i vente.



Prestegårdsrosa blømer.


Denne kvelden treng ikkje bedet ly frå leveggen, men ikkje alle kveldar er som denne.




Ein avgøymd port oppunder kastanjetrea står open for dei som vil rusle vidare ut av hagen...


Den ene dagen
Det er en sommerdag for lenge siden
som roper meg tilbake gjennom tiden.
Den ligger lukket bak en hekk av klunger
blant hestemaur og gule tiriltunger.
Den vasser brun og barbent i en fjære
og lukter gammel tang og nybredd tjære.
Den rasper grønne kart av solbærbusken
og flyr til himmels i den høye husken.
Den ligger fjetret og fortapt på magen
og sluker Ivanhoe i eplehagen.
Den slåss på tørre never med venninnen
som sender krokketkulene på pinnen.
Den er et nystekt brød på kjøkkenbordet
og slåmaskinens knepring over jordet.
All lyd og lukt og smak og farge kommer
fra denne dagen i min barndoms sommer.
Som endte med den lykkelige smaken
av nyslått kløver og av rene laken.

~Inger Hagerup~

fredag 6. juli 2012

God gammal årgang.

Fekk lyst å vise litt fleire bilde av prestegårdsrosa eg har i hagen.
Eg er usikker på namnet, men etter det eg har funne ved å leite på internett 
er det mykje truleg at denne heiter 'Maxima'.
Dette er ei historisk rose som ikkje remonterer, 
men ho har eit vell av blomar når ho blømer.
Det einaste minuset med rosa er at sjølve rosene har lett for å bli brune 
og rotna om det blir mykje regn under bløminga.
Skjønn søt og litt krydra duft.





Knoppane er lysrosa inni idet dei opnar seg og blir meir kremfarga etterkvart.






God helg :)

tirsdag 3. juli 2012

Roser, roser, roser :)

Nå er rosebløminga begynt så nå vil eg ha sol og finvers-dagar!


Prestegårdsrosa Rosa x alba 'Maxima'  tåler lite regn, men er eit syn i godver.



Rynkerose-hekken 'Moje Hammarberg' spreier ei herleg lukt i hagen .



'Mandarin' passar fint i krukker.




Klaserose 'Schneewittchen'



Stilkrosa 'Duftwolke' fekk eg til fødselsdagen i år, her er første knoppen, over, og utsprungen, under.




Klaserose 'Friesia'.



Klaserose 'Leonardo Da Vinci'.


Sist i denne omgang, første rosa for året av Austinrose 'Mary Magdalene' som eg planta ifjor.

søndag 1. juli 2012

Rundt dørene :)

Hei :)
Kom og sitt litt saman med meg på verandaen då vel :)


Ser ikkje ut som om solhatten kjem på idag, sola gøymer seg bak skyene og det er litt kjølig her ute.


Det blir ikkje servert vafler på hagebordet idag, men ei korg med blomar er vel heller ikkje å forakte.




Pengane eg fekk til fødselsdagen blei brukte til ny verandakasse og blomar.




Blei det litt kaldt seier du?
Kom bli med inn ei stund så set eg på kaffi :)


fredag 29. juni 2012

Livet rundt granrota akkurat nå.

Eg ønskte meg takløk til fødselsdagen min og det fekk eg, fleire ulike fine variantar.
Eg fylte opp litt ledig plass rundt granrota.
Uheldigvis har ein katt eller ein fugl grove opp og rota til litt mitt i, 
men eg har planta det nedi jorda igjen og håpar at det røter seg på nytt.



Nokre er klare til å springe ut.



Takløkane er planta saman med sedum i same fargeskala,


Eg har både rustikke, romantiske og natur-nære innslag i hagen. Eg likar variasjon frå det eine blikkfanget til det neste. Eg har veldig mange draumar om korleis eg har lyst å utvikle hagen vidare. Så vil det vise seg kor mykje av det eg drøymer om blir til konkrete planar som vidare blir realisert :)
Hagen ligg sol-ope og vind-ope til, det første positivt , det andre negativt. Men som ein vis mann har sagt; vil du ha utsikt må du tåle litt vind. Det gjeld å tilpasse planteval til klima og andre verforhold. Så då må ein kanskje velje kvitrogn der ein kunne tenkt seg viftelønn, men, men...

Det det skortar mest på er tid (og litt meir muskelkraft). Håpar på fine sommardagar når eg får ferie om ei veke slik at eg får tid både til arbeid i hagen og kos på verandaen.

God helg :)

mandag 25. juni 2012

Yndig favoritt.

Stjerneskjerm er ein av dei yndigaste staudane eg veit om.
Er dei ikkje vakre?






Eg har vore ute på ein fotorunde i hagen.
Meir følgjer dei næraste dagane :)