torsdag 22. oktober 2009

Award og utfordring :)

Eg har fått denne fine awarden frå mi gode bloggvenninne Juni.
Tusen, tusen takk! Håpar at me får det til å treffast "live" om ikkje for lenge :)
Eg blir utfordra til å fortelle sju ting om meg sjølv og å dele awarden vidare til sju andre.
7 ting om meg:
1. Eg er veldig glad i alt som lever og gror i naturen, både dyr, fuglar og blomar.
2. Eg er veldig glad i jobben min i barnehagen.
3. Eg er fasinert av alle årstider, men forventningen om våren og lyset om sommaren er aller best.
4. Eg har tre fantastiske barn, dei er saman med mannen min, dei aller viktigaste i livet mitt.
5. Eg er eit utprega B-menneske, eg likar seine kveldar og søv gjerne til klokka ni om morgonen om eg ikkje må opp før.
6. Eg er sosial og likar å vere saman med menneske.
7. Eg skulle veldig gjerne hatt hatt ei fast turvenninne eller turgjeng som eg kunne gått ilag med to-tre gonger i veka, eg kan vere litt treig til tider.
Så til den delen av awardane som eg likar minst, nemlig å dele vidare. Ikkje det at eg ikkje finn nokon å gje han til, snarare tvert imot. Derfor gjer eg dette på den enklaste måten; eg utfordrar deg som er innom som har lyst å skrive litt om deg sjølv til å ta awarden med deg til din eigen blogg :) Alle de som er innom hos meg og kommenterer titt og ofte er verd denne :)
Ingen nemt, ingen gløymt :)

9 kommentarer:

Birgitta sa...

Hej! Roligt att få veta lite mer om dej. Jag vet att du gillar natur och allt där efter att ha sett alla dina vackra bilder.
Ha det gott.
Kram Birgitta

Anonym sa...

I don't do awards but I like to congratulate people who do and win.

Anonym sa...

Hei.Gratulerer så mye med Awarden.Den fortjener du virkelig.Veldig hyggelig å bli kjent med deg.Ha en riktig fin helg.Klem fra.Bodil

Hage foto og natur sa...

Gratulerer med Award!

Du har mye å glede deg over!
HA EN FIN HELG!

Amrita sa...

Congratulations!

FO - 2 sa...

Gratulerer med utmerkelsen, Marie.
Gratulerer med 3. plassen hos Moseplassen også. Kjekt! :)
GOD HELG! :)))
Klem.

Randi sa...

Så koselig og bli litt beder kjent med deg.
Gratulerer med award..den er vel fortjent:-))

Håper du får en flott helg:-))

klem

Thusnelda sa...

Venter på nye innlegg her!

GOD HELG !

Ruth Bernssen Bø sa...

Gratulera med award.

Ha ein fin lørdagskveld.