onsdag 15. august 2007

Kjære ting frå barndommen.

Eg fekk så lyst å vise litt av mine kjære ting frå barndommen. Dei er godt brukt og ikkje verd penger, men dette er for meg noko av det kjæraste eg eig når det gjeld ting. Det er ikkje alltid det nye og funklande som gjev mest varme i hjarta. Det treng heller ikkje stå fine stempel på. Minne om høgtid og kvardag, aller mest kvardag. Nokre såre minne og mange, mange gode minne. Denne katte-tallerken fekk eg då eg skulle begynne på skulen. Far meinte at dette var ein fin måte å lære alfabetet på. Eg øvde kvar gong me åt middag. Tallerken er mykje brukt så den eine katten er nesten borte. Mor kjøpte eit sett med desserttallerkar, alle med ulike frukter på. Denne blei min. Eg har alltid vore svak for fruktbilete på koppar og fat. Elefant-krusa mi. Også mykje brukt. Sikkert mange som hadde ei slik. Er ho ikkje fin? Denne litle fuglen fekk eg til ein fødselsdag. Han har hatt eit fall og mista både det eine og det andre, men eg har tatt vare på han likevel. Fuglar var mi store interesse som barn og er det vel delvis ennå. Mor mi hadde ei ugift tante som sendte ei stor "juleeske" kvart år. Der var det kokesjokolade, fruktsuppeposar(med ein liten pose c-vitamin på sida som skulle i etter at suppa var kokt), vekeblad og ikkje minst julegåver. Alltid to gåver til kvar av oss borna, ein liten ting og ei gåve med litt snop i. Me gleda oss hemningslaust til desse eskene. Denne porselensjenta fekk eg eit år. Ho hadde nydeleg parasoll som diverre falma med tida og i min ungdommelege uforstand kasta eg parasollen.

10 kommentarer:

Elin sa...

Kjekt å sjå slike ting! Eg er også ganske nostalgisk av meg, det blir berre "verre og verre"...

HildeS/Frøken Fryd sa...

Så kjekt å sjå desse tinga, Marie.
Eg har også nokre ting som eg har eit nostalgisk forhold til, særleg dei som er etter foreldra mine.
Det er nok minne ein gøymer på, ivertfall gjer eg det.

FO - 2 sa...

Skjønt!
Så kjekt at du har tatt vare på disse tingene.
Det er jo slik at når man sitter der med kruset i handa osv., så kan man fornemme smakene, luktene og stemningen.
Flotte barndomsminner.
Jeg samler på mye etter mine barn. I esker osv.
En måte å vise at de er verdsatt på. Det fineste jeg har! :)
Tingene dine har stor affeksjonsverdi. Og det er den største verdien av dem alle! :)

Sol sa...

Koselige ting, og gode minner. Jeg har et sånt elefantkrus selv ;-} Jeg har ikke fått lagt inn mange kommentarer hos deg i det siste,men har sett nedover på alle de flotte blomsterbildene du har lagt inn.Vakkert. Selv har jeg ikke fått fotografert de flotte rosene jeg kjøpte i sommer...de regnet jo bort og ble ødelagt.men nå ser jeg at de skal blomstre igjen, så kanskje jeg er heldig og får tatt noen bilder i solskinn..
Klemmer

JULIEK sa...

Hei. Takk for koselig besøk på bloggen min. Så koselig å finne inn hit da. Artig å se kjære ting fra barndommen. Må si jeg ble veldig betatt av den katte tallerkenen : )

Marie sa...

Takk til alle som har lagt inn kommentar. Eg kjem til å legge inn fleire ting frå barndommen. Ein regnfull sommar og nytt kamera gjer at det har blitt ein del innebilete. Det er jo øving som gjer meister. Eg prøver å finne ut koleis eg lagar ramer på bileta, men dei som er i dei programma eg har er så "teite".
Til Sol; mine roser er også stygge nå etter veker med nesten samanhangande regn.
God klem til alle nye gode bloggvenner :o)

Anonym sa...

You have so many beautiful things on your post today and I like the photos you took of them.

I also wanted to thank you for coming to my blog and for your comments there. Thank you very much.

I will show a coopers hawk tomorrow. It was here today and I took 290 good photos of it.

See you tomorrow.

Abraham Lincoln

Marie sa...

To oldmanlincon. It is precious tings from my childhood on my photos today. And there will be some more on the following days. See you tomorrow on your blog :o)

Berit T sa...

Hei igjen Marie. Koselig å se at du og samlar på slike ting fra barndommen. Har også noe, og de har aldri mine barn fått brukt, bare beundret med hendene på ryggen.
Du er så flink å ta bilder, Kjellerdørbildet var et flott malerimotiv, det kunne jeg tenkt meg en kopi av, så skal du få det som akvarell av meg.
De kloke ordene på innlegget under var gode å lese å tenke over. Tar ting for gitt og for lett til tider.
Ha fortsatt en fin dag, gleder meg til neste innlegg.

Helene-Årets gleder sa...

Takk for at du delte rørende barndomsminner.Det du sier om at må tenke over hva en sier til barn, for at de vil huske det lenge: var dypt....og tankevekkende.
Tusen, tusen takk...for flott lesning:-)Det er rart å se hva det enkle kunne bety, når våre barn lever et liv fyllt av plastleker de glemmer etter to dager.

Mvh Helene