søndag 13. desember 2009

"Så går vi rundt om en enerbærbusk."

I barnehagen der eg jobbar har me jobba med temaet "Bokn i gamle dagar" denne hausten. Dette vil også prege noko av julepyntinga i barnehagen. Her ute på øyane i vest var det nesten ingen skog for nokre år sidan, det var lyng og brake(einer) som rådde grunnen der det ikkje var dyrka mark. Derfor var det også vanleg å bruke brake som juletre. Så i år blir det ein brake som blir juletre i barnehagen. Mannen min tok på seg oppgåva med å finne eit passande tre.
"Så gjør vi så når vi sager vår busk, sager vår busk, sager vår busk, så gjør vi så når vi sager vår busk tidlig en lørdags morgen." I morgon kjem han til barnehagen for å sette juletrefoten på busken, deretter er det klart for at barna kan få vere med å henge på juletrepynten.

fredag 11. desember 2009

Litt er på plass.

Eg tar ikkje fram julepynten før heilt oppunder jul, men julegardiner på kjøkkenet og eit par julestjerner er på plass.
God adventshelg :)

onsdag 9. desember 2009

Da tenner moder alle lys.

Det er stemningsfullt med lys i mørke desemberkveldar.
I dag er eg også lysare til sinns enn eg har vore ei stund. Det ser ut som om mor skal bli bra igjen med rett medisin og tida til hjelp.
Takk for gode tankar og helsingar frå mange av dykk som har skrive kommentar til meg, dette gjeld også andre som har vist meg stor omtanke dei siste vekene :)

søndag 6. desember 2009

"Birgitta-løpar" og "Gunda-engel"

Det er mange bloggerar rundt om som er veldig kreative og av og til kjem eit og anna av det dei lagar på "må ha" lista mi. Denne gongen har eg handla hos Birgitta som har bloggen "Utsikt från vävstugan". Har du ikkje vore inne hos henne så ta deg ein tur og sjå på alt det vakre ho vev.
Eg har kjøpt to løperar, ein adventsløpar og ein juleløpar. Birgitta designar arbeida sine sjølv. Oppi pakken låg også denne nydelege servietten, ei "på kjøpet gåve" som passar oppi ei brødkorg. Tusen takk Birgitta :) Nydelege arbeid! Eg må også vise drivved-engelen som eg kjøpte hos GundaM for nokre veker sidan. Gunda er ei dame med masse kreative krumspring, ho lagar dei vakraste ting av det som for mange er rust og rask. Noko av det vakraste ho kreerer er drivved-englar. Dei er laga av drivvedbitar som er polerte av bølger og sand i flomålet. I Gunda sine hender blir dei sette saman og pynta med venger og krystall. Dette er for meg ein "kvardagsengel" som skal få henge framme heile året. Er det ikkje slik at dei ekte englane mellom oss også er "polerte av livets brottsjøar" og "tørka i sola"? Ønskjer alle bloggvenner og andre som kikkar innom ein god andre søndag i advent :)
Det kjem framleis til å gå litt på sparebluss her hos meg. Takk for at de gidd å kommentere sjølv om eg ikkje er så ivrig med å kommentere tilbake akkurat no.

torsdag 3. desember 2009

Vinterlys

Vinterlys eller vintermørke?
Det kjem an på auga som ser...
Ei bleik vintersol har nettopp gått ned bak himlaleite,
det svake lysskjæret speglar seg i smårutete gamle vindauge.
På innsida står det blomar og blundar medan dei ventar tolmodig
på ein ny vår.

mandag 30. november 2009

Siste dag i november.

I motvind går det sakte.
Men kanskje vi der
finner en rikdom
som vi feide forbi
i medvind...
Margot Sandsmark

lørdag 28. november 2009

"Gå sakte"-blogging.

Eg har vore lite aktiv med blogging siste veka og det kjem sikkert også til å bli litt labert med blogging frå mi side ei stund framover. Eg har viktigare prioriteringar akkurat no, men det dryp nok eit å anna innlegg innimellom. Takk til alle som har kommentert hos meg, eg kikkar nok innom hos deg med tid og stunder.
Ønskjer deg ei fin første-søndag-i-advent-helg.

søndag 22. november 2009

På tide å kome seg i hus?

Det har vore mykje regn og rusk dei siste dagane og nokre finn det tryggast å smette under døra og krype i hus.

lørdag 21. november 2009

Bakedag og julemesse.

Eg hadde eitpar feriedagar tilgode som eg har hatt denne veka. Gårsdagen blei brukt til å steike nordlandskaker og bake gjærbakst. Kjekt med litt godt i fysaren når ungdommane kjem heim til jul :)
Horn er fast tradisjon. Litt grovt smakar godt. Eg har laga havrerundstykke og solsikkerundstykke. Eg trur ikkje ei einaste av nordlandskakene blei rund, men det gjer ingenting. Eg vil ha dei mjuke og lause og då må eg klappe dei ut på takka. Sidan eg stort sett berre lagar desse til jul blir det så som så med handlaget. Seint på kvelden laga eg Kvæfjordkake eller "verdens beste" som me seier her. Denne hadde eg med meg på julemesse idag. Det var litt av kvart på messa. Eg kjøpte dørkrans, tova ull-sitteunderlag, og tova ulltøfler. Tøflene er alt tatt i bruk, dei er gode og varme! God helg :)

torsdag 19. november 2009

Orkideer.

Det er få blomar som er vakrare enn orkideer. Desse blømer hos meg akkurat no.
Litt lite tid til bloggsurfing for tida :)