Sau nr 5003 og firlingane hennar som blei fødde i førgårs. /
The quadruplets that were born the day before yesterday and their loving mother.

Desse trillingane blei fødde dagen før. /
These triplets were born the day before.

Eit nytt trillingsett var kome til verda då me kom i sauefjøset tidleg i dag. Det eine lammet var kome litt frå mor og var noko nedkjølt. Det er første gong denne sauen har lam og her er det for lite mjølk til tre. Då er det godt å ha råmjølk frå ku ståande i fryseboksen. Litt varm råmjølk og varmelampe over bingen hjelper ein forfrosen liten kropp. /
A new set of triplets born this morning. The red light is from a heater lamp. It was very cold this morning.

Desse lamma er to(over, tre av firlingane) og tre(under, to av dei første trillingane) døgn gamle. Er dei ikkje skjønne?

I dag har Balder hatt besøk av søstera si frå nabogarden. Me kallar henne berre for Søster. Ho fekk ein liten godbit hos meg, det ser ut som om det smaka. Ho er nesten tru kopi av faren som er av rasen Hellig Birma. /
This is Balder's sister, she belong to our neighbours. Isn't she the cutest cat you have ever seen? Well, after Balder of course.

Eg har ikkje tid til å kommentere tilbake til alle som kommenterer hos meg for tida, men eg set veldig pris på alle dei fine kommentarane eg får. /
I don't have the time to comment back to everyone at the moment, but i truly appreciate every comment!