Var på låven i gårkveld og fann ein gammal sliten kjøkkenkrakk som eg laga eit lite tablå på.
Det passar godt saman med dei gamle "bestemorkrukkene" synest eg.
Ei gammal flaske, ei gammal skei og eit par garnsteinar
saman med eit lite "glasskap" med sukkulenter.
Takløk i skeia.
Lavendel er fødselsdagspresang :)
Nye krukker. Kunne tenkt meg berre kvite, men dei var utselde.
Kvit georgine og kvit rose er også presangar.
Greit å fylle året midt på sommaren for ein blomeelskar som meg :)
Pelargonia på bordet og i verandakassen veks og trivst.
I kveld er det Grønn glede på TV, gler meg til det :)
5 kommentarer:
Kor kreativ du er.
Kjempefine ting du har sett saman !
Og alle dei fine blomstrane du har. Ja er det
det ikkje flott denne tida ? Sjøl om veret kunne
vore meir stabilt. Men sol og varme kjem nok, detgjeld å halde motet oppe :)
Ynskjer deg fine siste dagar i juni !
Anne-Mari
Så koselig det var hos deg! Herlige blomster og personlig med krakken og småtingene på. Vi må nyte disse dagene nå midt på sommeren:))
Flotte blomer og pynt. Kjekt å halda på med dette ikkje sant !! ha det godt.
Vakkert!
god natt klem
Nydelige blomsterdekorasjoner.
Det gjelder å være oppfinnsom.
Ha ein fin onsdag.
Legg inn en kommentar