Fredag starta ferien for meg.
Når andre pakkar kofferten og set nasen mot varmare strøk
set eg nasen mot BoGrønt på Spanne og kjøper nye stauder ;)
Når me nå er komne til slutten av juni
er det masse som er frodig og fargerikt i hagen.
Campanula Get Mee har stått her i sykkelkorga nokre år
og klarte den harde vinteren utan problem heldigvis.
Vannirisen blømer akkurat nå.
I desse krukkene har eg planta løvemunn.
Valde desse fordi sneglane ikkje har dei som favorittmat,
men for eit par kveldar sidan fann eg ikkje mindre enn fire
ekle kryp som gassa seg med blomar i den største krukka.
I staudebedet var det eindel mellomrom som trengte fyllast.
Her har eg sett etasjeprimula og stjerneskjerm.
Eg har dryssa litt skjellsand mellom staudene,
håpar at det skal hjelpe mot småsyre
som er eit stort problem i denne delen av hagen.
Så kryssar eg fingrane for at det eg har planta
synest det er greit med litt kalk.
Scabiosa, Tanacetum og Primula vialii er nytt selskap til mellom anna iris og peoner.
Oversiktsbilde over staudebedet.
Så er det å håpe at det nye
trivest og fyller godt opp etter ei tid.
Sibir irisen her er nå på retur, medan skogskjegg nå står på sitt vakraste.
På skogskjeggen har tusenvis av bier kosa seg dei siste dagane.
Humlene likte seg best på irisen.
Me har mange tre rundt oss, men dette store treet er tuntreet vårt.
Ein gammal benk har fått plass ved foten av treet.
Nå skal eg gjere det eg likar best dei neste dagane,
nemlig pusle med planter og nyte sola på terassen :)
God helg :)
3 kommentarer:
Så herlig Marie!
God ferie og nyt den flotte hagen din.
Sommarklem @-}--
Det märks att du gillar att arbeta med växter och blommor i din trädgård!
Härligt!
Önskar dig sköna dagar!
Kram ♥
Så fint du har planta til i bedet. Det blir nok tett og frodig etter kvart.
Herlig ferietid....kos deg og pussl med plantane dine.
Ha god feriedagar, klem frå MarJE.
Legg inn en kommentar