fredag 21. juni 2013

Bløming mellom berg og stein.

 I hagen vår er det mykje berg og stein og det likar eg godt. 
Det passar fint i ein gardshage her ute ved kysten.
Eg har prøvd å finne planter tilpassa både klima og jordsmonn.
Noko har eg lukkast med, medan anna har forsvunne igjen.


Rett under berget her er det eit hol som vatnet ikkje renn utav, her har eg planta vatniris.
Bløminga er kortvarig og ikkje allverda å skryte av, men bladverket er vakkert.
I tørkeperiodar må eg vatne, men det må eg likevel i alle krukker og kar så det er ikkje noko problem.


Vender du blikket litt opp og ørlite til høgre finn du "barskogen" min 
med einer i ulike former og fargar, minigran, og dvergsypress.
Kjekt med litt vintergrønt også.
Bregna har naturen planta.


Nedanfor dette partiet går det ei vatnåre så her har eg planta stauder som likar å ha det litt vått.
Hosta, humleblom, stjerneskjerm,strandkattehale, marikåpe og astilbe
.

Ein av tabbane eg har gjort er å ikkje sjekke lappane på plantene skikkeleg, 
her blei resultatet at den minste hostaen står meir eller mindre gøymt bak to store.


Oppå eit berg står strannellik i full flor akkurat nå. Vill bergflette kryp også oppover berget. 
Bergflette veks veldig seint noko som gjer at det er lett å holde kontroll på den.


Pusur gjev moralsk støtte og tuslar litt i vegen når eg jobbar i hagen :)


I alle sprekker og ved foten av berget har eg planta takløk og naturen sper på med vill bergknapp.




Til slutt i dette innlegget legg ut eit par utsiktsbilde.


Ha ein fin sommardag :)

6 kommentarer:

hajal. sa...

Så mange fine bilder. Fort gjort at dei småvokste kan komme i bakgrunnen av og til, men dei fleste let seg lett å flytte på igjen, heldigvis. :)

Marit sa...

Her var det mye fint, ja. Hostaer kan lett flyttes på som hajal skriver. De tåler fint det. Jeg har den samme vann irisen, og den blomstrer kort, ja. Men de varigerte bladene lyser så fint opp, så det gjør ikke noe.
God helg!

Gårdsjenta sa...

Så flott! Den bregnen var jo flott planta også! Mange fine bed hos deg:)

Irene sa...

Du har en utrolig fin hage ... så mange spennende planter. Skulle gjerne vært på hagevandring hos deg :)

Irene

MarJE sa...

Kor fint det er hjå deg Marie. Stein i hagen likar eg svært godt og du er så heldige å ha naturlige berg...veldig fint.
Irisen du viser har eg også og eg er heilt enig med deg at det er blada som gjer susen på den.
Koselig å sjå.
God helg og jonsok.
Klem frå MarJE

Petrinetrollmor sa...

Så utruleg fin hage du har ! Nydelig sammensett og flott fotografert. Du kan virkelig vere stolt !

Ønsker deg ein fin midtsomar og håper at været er bra så du kan nyte dei flotte bedda dine sammen med Pusur :)