søndag 29. august 2010

Hu hei! Kor er det vel friskt og lett oppå fjellet!

Nå har eg ikkje vore på høgfjellet akkurat, eg har berre vore på toppen av Boknafjellet. Sjølv om fjellet berre ragar 294 m over havet er det høgare enn det meste i nærleiken så utsika er vid og flott. På godversdagar kan ein sjå sju kyrkjesokn heiter det. Då me gjekk på laurdag var det truande skyer, men sola smaug seg mellom skyene og teikna solflekker på vegen og landskapet under oss. Vegen er bratt, men det går fint om ein berre tilpassar farten etter forma.
Det er viktig med småpausar for å nyte utsikta. Målet i sikte! Fjernsynsantenna på toppen er synleg frå store deler av omegnen. Då me nesten var komne til topps kom me inn i villsauen sitt rike. Her lever dei i sitt rette element. Terrenget er kupert og vintrane her ute er milde og som oftast snøfattige. Villsau er vakre dyr perfekt tilpassa kystlandskapet her vest. Det var to flotte verar i flokken, begge med imponerande hovudpryd. Litt "tung i hovudet"? Frå topen ser me utover Bokn sine mange vatn og flotte skjærgard. Ved varden på toppen er det nå kome opp kikkert så nå ser me ikkje berre sju kyrkjesokn, men også blåne bak blåne i aust og storhavet i sørvest mykje betre enn før. Masta på toppen er festa med solide barduner. Når det stormar skikkeleg vintersdag kan me høyre det dure i masta heilt heim. Når storm og orkan feiar over her er det store krefter i sving! Etter ein frukt/kvikk lusj-pause der me mellom anna hadde skrive namna våre i gjesteboka som ligg i postkassen på toppen bar det nedover igjen. Sola skein mellom regntunge skyer som ikkje heilt klarte å halde på dråpane. Regnboge på himmelen og solflekker på jorda, vakkert! I dette innlegget har eg vist "vidsynet" frå turen, i det neste skal du få "nærsynet" :)
Takk for turen til søster og svoger frå oss på Heimdal!
Og til gjestene på bloggen; nyt dei siste augustdagane!

13 kommentarer:

Hjertebank sa...

Fine bilder. Du bor i et flott landskap.

M.E.V. foto sa...

Herlig med slike turer:) Nydelige bilder... Klem

Asbjørg sa...

For en utsikt!!Ja er må det være herlig å gå på tur!

Laila -Karin sa...

Dette å kunne ta slike turer er noe jeg virkelig savner.
Da er det så kjekt å få være med på dine og se de flotte bildene av vakker natur.
Ha en fin ukestart Marie .
Klem

Ruth Bernssen Bø sa...

Flotte bilete frå turen.

Kanskje ein tur eg og kan gå... kor langt er det i km?

Ha ein fin dag.

hajal. sa...

Flotte bilder og flott utsikt!
Forresten, det ligg ein award til deg i bloggen min. ;)

Annelis hantverk sa...

Tack för den vidsträckta utsikten från fjället! Fantastiskt landskap ni har!
Njut av dagen!

Christine sa...

Kjempeflotte bilder av Boknafjellet.

Ein plass eg ikkje har tenkt på ein gong, sjøl om eg ikkje bor så longt vekke.

VALKYRIEN sa...

Tusen takk for en flott tur! Fantastisk fin utsikt! Og turen bød jo på det meste, sol. regnbue, utsikt og allrighte dyr! :)

Refleksjon på livsvegen sa...

Dette var/er berre nydeleg..
ein bør kome seg litt opp og ut..

Ha fin veke!

Vform sa...

Åh...vilken UTSIKT!
Fantastiskt landskap ni har i Norge!
Tack för turen!
Kram

Anne sa...

Tusen millioner takk for tur på Boknafjellet Marie!! skal si du hadde utsikt derfra selv om dere ikke fikk pusteproblemer i den høyden. Virkelig et skue i alle retninger kan jeg tenke meg. Festet det meste til brikken har du jammen gjort også :-)

Anneklem i kvelden

FO - 2 sa...

Takk for turen!
Det var en glede å "slå følge" med dere via de flotte bildene dine. :)