Klokkeblåstjerne er nesten som ugras å rekne, dei veks både der dei er velkomne og der dei ikkje er ønskja. Dei fleste er blå, men kvite, rosa og lilla er også vanleg.
Der eg har kasta noko av det eg har luka bort kjem det snart ein ny bestand.
Her (dei tre neste bilda) blei det for ti-femten år sidan sett ein bukett klokkeblåstjerne på grava til ein "høgt elska og djupt sakna" undulat. Dette er ikkje inne i sjølve hagen, men kan sjåast frå hagen. Her får dei spreie seg som dei vil.
Småhjarte og judaspenger dukkar også opp rundtomkring.
Me har eit nydeleg ver her hos meg i helga, herleg å vere ute :) Ps. Eg må komme med ei lita tilføying. Eg meiner ikkje at klokkeblåstjerne er ugras, men dei spreier seg som ugras. Løkane er veldig djupt nede i jorda og er vanskelege å fjerne der dei ikkje skal vere.