onsdag 5. november 2008
Varme fargar til å bli glad av.
Hagen er no stort sett i kvilemodus, då er det kjekt å ha masse bilde frå lyse varme dagar å kose seg med. Eg har funne fram eindel som eg ikkje har hatt på bloggen før. I dag viser eg blomkarse. Blomkarsen er villig og frodig og blømer langt utover hausten.
mandag 3. november 2008
Bru i Fjæra.
Mitt bidrag til "Broer som binder" denne månaden er denne vesle brua i Fjæra lengst inne i Åkrafjorden.Inne hos Rune finn du ei lise over bloggane som er med på Bridges between.
lørdag 1. november 2008
Snart vinter.
Tenk at me er i november! Hausten har susa forbi og vinteren er på veg. I dag har eg brukt mesteparten av dagen i hagen. Det er mykje som skal gjerast før hagen kan gå i vinterdvale. Strålande sol som varma godt gjorde at det var ekstra kjekt å jobbe ute i dag. Når eg er ute hender det at eg får besøk av denne vakre dama. Ho bur på nabogarden og er Balder si søster. Balder er storebror og han hadde flytta til oss før "Søster" blei fødd.
Balder nyt novembersoloppgangen.
Balder nyt novembersoloppgangen.
God helg!
Etiketter:
Hagen min/My garden,
Katten Balder/Balder the cat
torsdag 30. oktober 2008
lørdag 25. oktober 2008
Stormfull helg.
Eg veit ikkje om eg klarer å formidle stormen og regnet på bilda. Her hos meg er det verkeleg "rusje ver" som me seier her.
torsdag 23. oktober 2008
Sunshine for a little while.
tirsdag 21. oktober 2008
Purple bells. / Lilla klokker.
Form, farge og kampen for tilværet.
Sola skin på knoppane som opnar seg mot lyset med eit tilbod om nektar til insekt på jakt etter mat.
Ein edderkopp ventar også på svoltne insekt, ikkje for å gje dei eit måltid, men for at dei skal bli eit måltid.
Livet i naturen er ein evig syklus. Det handlar om å bli mett eller om å bli mat.
Sola skin på knoppane som opnar seg mot lyset med eit tilbod om nektar til insekt på jakt etter mat.
Ein edderkopp ventar også på svoltne insekt, ikkje for å gje dei eit måltid, men for at dei skal bli eit måltid.
mandag 20. oktober 2008
Norsk nettfoto.
Det var ei stor ære for meg å bli spurt om å vere med å legge inn bilde på bloggen Norsk nettfoto. Sidan eg berre har eit vanleg kompaktkamera blir motivet det viktigaste i mine bidrag. Eg redigerer også litt i ulike program. Bildet under er det første bidraget mitt. Eg prøvde å fokusere på auga til admiral-sommarfuglen då eg tok dette. Om du klikkar på bilde ser du tydeleg snabelen som syg nektar inni blomen.
Admiral er ein av våre vakraste og største sommarfuglar. Eg var så heldig å få fleire bilde av denne vakre gjesten i hagen. Bilda er tatt 24.09 i år. Når sola skin på det svarte glitrar det i metallisk grønt.
Sola lyser gjennom vengen.
Admiral er ein av våre vakraste og største sommarfuglar. Eg var så heldig å få fleire bilde av denne vakre gjesten i hagen. Bilda er tatt 24.09 i år. Når sola skin på det svarte glitrar det i metallisk grønt.
lørdag 18. oktober 2008
Vinter rest. / Vinterkvile.
No er me komne så langt ut i oktober at frostnettene kan vere like om hjørne og det er derfor på tide å ta inn planter for vinterlagring.
Fukcsia blir ribba for bladverk og blomar. Litt trist når dei ennå står frodige.
"Drops" på veg til komposten.
Ei sekketralle er godt å ha når eg skal ta inn store regntunge krukker. Fukcsia-plantene står mørkt i potetkjellaren gjennom heile vinteren. På ettervinteren sjekkar eg at jorda ikkje er heilt uttørka.
Pelargonia blir sett i kjellarkarmen for å få litt lys gjennom dei mørkaste vintermånadane.
Kjellardøra er flytta ned frå første etasje der ho tidlegare var hovudøra i huset vårt. Døra er som resten av huset 153 år gammal.
Utsyn mot ein regntung oktoberdag.
Eg har mykje arbeid igjen før hagen er klar for vinteren, men veret blei så surt i dag at eg vil vente litt med resten.
God helg :)
onsdag 15. oktober 2008
Leve i stunda.
Det er ikkje kvar haust me opplever slike vakre fargar her på kysten kor eg bur. Mildt, vått og blåsande ver gjer at blada berre blir brune eller blæs av medan dei ennå er grøne. I haust har me hatt ei kald natt der temperaturen nesten nådde frysepunktet. I tillegg har me berre hatt ein hauststorm til no og det var så tidleg at blada ikkje var klar til å sleppe taket i trea ennå. Her kjem nokre fleire bilde frå Bokn i haustdrakt, denne gongen frå turstien mellom Boknaberg og Føresvik. Her geld det om å leve i stunda og ta vare på opplevinga.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


Pleace visit 





Pleace visit 
