onsdag 16. juli 2008

A sunny day. / Ein solskinsdag.

A walk in the countryside. / I dag skal du få vere med meg på tur langs landevegen og gjennom skogen. Nokre av bilda er tatt for niende juni og nokre er tatt i går. Ranunculus acris. I juni var det engsoleie som dominerte langs grøftekanten. Epilobium angustifolium. Femtende juli står geitramsen i full flor. Vicia cracca, fugleevikke.
Trifolium repens. Kvitkløver lyser opp langs vegen. Stellaria graminea. Gress-stjerneblomst. Cirsium oleráceum, kåltistel. Círsium palústre, myrtistel.
Rósa canína, steinnype. Pinguícula vulgáris, vanlig tettegras. Denne høyrer til rosefamilien. Bladverket minner om blåbringebær, men eg ser at blomane skal vere enkle. Nokon som veit? Chamaenérion angustifólium, geitrams.
Senécio jacobaéa, landøya. Eríca tetrálix, klokkelyng/poselyng. Melampyrum sylvaticum, småmarimjelle.
Ranúnculus ácris, engsoleie. Trifólium praténse, rødkløver. Tistel. Narthecium ossifragum, rome.
Equisetum arvense, kjerringrokk. Tistel Campanula rotundifolia, blåklokke. ? Erica cinerea, purpurlyng.
Calystegia sepium, strandvindel. Eriophorum, myrull.
Calluna vulgaris. Røsslyngen er såvidt begynt å bløme. Det er litt vemodig når lyngen blømer synest eg, det ber bud om at sommaren snart er på hell. Eg må minne meg sjølv om at me er berre midt i juli ennå. Etter at turen har gått langs landeveg og traktorveg gjennom beiteland og utmark, går turen vidare inn i skogen. Trea langs stien er kvista og sjølve stien er utbetra og har også fått nytt gruslag. No kan me gå to ilag ved sida av kvarandre, lettare å prate saman då.
Rome er giftig for dyra. Om sauene et denne planta får dei ein sjukdom som heiter alveld. Dei tåler ikkje sollys og må settas inn til dei frisknar til igjen. Det er spesielt lamma som er utsette. Blå himmel speglar seg i vannpyttane langs stien. Filicopsida, bregne. Dactylorhiza maculata, flekkmarihånd.
Bokfinken syng frå ein grantopp. Utsyn mot Boknasundet. Geranium robertianum , stankstorkenebb. Tilbake til "sivilisasjonen". Det er nydeleg planta i fleire av hagane langs resten av vegen. Håpar at du har kosa deg med bilda frå turen. Klikk på bilda om du har lyst å sjå dei større. Det kan hende at nokre av blomenamna er feil. Ser du feil og veit det rette namnet så skriv ein kommentar slik at eg kan retta dett.
God torsdag!