mandag 18. februar 2008

Blogging with a purpose

Denne flotte awarden fekk eg hos Rune, og det på ein dag eg hadde eit innlegg om sko. Eigentleg eit ganske meiningslaust innlegg, men det kan ikkje vere alvor og tankevekkande kvar dag. Av og til kjem det nok eit lite "pauseinnlegg" frå meg. Eg lovar at det blir ei stund til neste innlegg om sko da. Det er nok fjøsstøvlane som blir mest brukt i kvardagen her og dei skal eg ikkje legge ut bilete av med det første. Så tilbake til awarden. Eg neier og bukkar og seier tusen takk! Eg er så glad for at andre også finn meining i noko av det eg puslar med her inne. Blogginga er iallefall svært meiningsfull for meg. Eg er blitt kjend med mange flotte menneske etter at eg begynte. Eg har kopiert reglane for å dele awarden vidare: Awarded parties must nominate five people who have not received the award.The blogs that receive the award must serve some purpose. Awarded parties must post the award banner on their site. The banner must remain linked to the above linked site. First of all I want to give the award to: DigithalShutterMania who I met through sky watch Friday. I just love his blog, his photos are amazing. I want to show his peaceful photos to my blogger friends. The second I want to give this award to is My pocet, she has really touched my heart with her beautiful blog about life. I just joined the Blomical.com and there I met Robin's nesting place. I want to give her the third award. She has a beautiful gardening blog, that's really a blog with a purpose. My fourth award goes to Hilde. She create beautiful art and takes beautiful photos. She posts beautiful poems aswell. And finally Ida, her blog is a place to focus on the good things in her life. It's so easy to se the problems and so important to focus on the good things. She takes beautiful photos aswell.

søndag 17. februar 2008

Skodille / Crazy about shoes

Eg har litt dille på sko. Kontoen tillet ikkje at eg kjøper så ofte, men når eg kjøper skal det vere fine kvalitetsko. Fekk lyst å vise nokre av favorittane mine. / I'm crazy about shoes, here are some of my favorites. Desse raude skolettene kjøpte eg for to-tre år sidan. Merke er Think. Dei er utruleg gode på, det er som å gå med hanskar på føtene. Dessutan likar eg den friske fargen. Desse svarte er heilt nye. Dei er av merke Roots. Eg vil ha sko eg kan gå i lenge utan problem, likevel bør dei vere nette og fine.
Skorne på biletet under er nok dei eg brukar mest. Det er Ecco. Dei er lette og gode på og som det viser på biletet er dei ganske velbrukte. God søndag! Og god tur til alle som skal ut på tur!
Have a nice Sunday!

torsdag 14. februar 2008

Sky Watch Friday

Today I have been deep diving in my photo files. Even a grey sky can be beautiful if only the sun is peeping through the clouds. The fog is finally disappearing. Dramatic colours on the sunrise in October 2007.
Thank's to everyone who leaves a comment. I really appreciate it!
Happy sky watch everyone!

Vinnarloddet!

Hilde hadde ei gåve til ein av dei som skreiv kommentar på bloggen hennar i samband med at ho hadde passert 15 tusen besøkande. Tenk at eg vann! Jippi! Tusen takk Hilde!

Ein nydeleg liten pung med eit raudt hjarte på. Ho hadde også skrive eit vakkert kort til meg. Kortet hadde fine ord til ettertanke! Dette blei eg verkeleg glad for Hilde! Du er ein knopp!

Eg vil samtidig takke alle som har gitt meg så mange flotte superlativer på sist innlegg. Det er ei stor ære! Tusen takk!

mandag 11. februar 2008

Det store i det små, det vakre i det grå.

Alle steingjerdene som er mura opp er minnesmerke over dei som levde før. Vardar og bautasteinar til minne om dei som med tungt kroppsarbeid skaffa mat på bordet til seg og sine. Her er det åtti-nitti årringar. Grana var juletre på rot i bestestova på Heimdal ei jul for lenge sidan. Ho var pynta med papirkorger, nokre få blanke kuler og levande lys. Ho stod der vakker medan glade barn song "tider skal komme tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang". Stova lukta av granbar, parafin frå lampane og noko så eksotisk som appelsinar. Etter jul blei grana sett i hagen, der har ho stått i turre sommardagar og iskalde vinternetter. Barn har leika i skuggen hennar og fuglar har funne livd og bygd reir mellom greinene. Eit godt rotfeste er det godt å ha om ein vil strekke seg mot stjernene. Frøkapslane til Iris et små kunstverk, dei skin i gyldne fargar i sollyset.
Ein gamal trestubbe dekka med irgrønn mose høyrer med i ein naturhage. Lupin med tru på ein ny vår og sommar. Slipesteinen er også eit minnesmerke over tider som var. Lyden av slipestenen i varme sommarkveldar gav fred i sinnet. Då hadde far tid til å prate med barnet som snudde sveiva, om dagen og livet. Ljåen måtte vere sylskarp og klar slik at ein kunne kome igong med å slå medan morgondoggen vætte graset.
Krokusen lyser opp i februardagen, solvarm og vakker. Snøklokka trossar alt, klokkene er kvite som englevenger. Vernefarge er viktig for dei som har fiendar i livet. Det store i det små, det vakre i det grå. Skodda har letta ein søndag i februar og sola skin på våte steinar og strå.

lørdag 9. februar 2008

Vera dristig.

God morsdag til alle mødre! God helg til alle!
Vera dristig
Å våga vera dristig.
Gå eit lite steg lengre.
Velgja ein ny fargesamansetnad.
Ta ei uventa reise. Kjøpa seg hatt.
Gå innom ein nabo ein ikkje har
gjesta på år. Senda den helsinga
ein ikkje har turd.
Dansa berrføtt i graset...
Grensene våre er ofte så tronge
at lite skal til før vi er over.
Dei fleste av oss kan ta mange
steg før vi kjem i nærleiken av
det uanstendige. Vi risikerer kun
å ha det litt meir gøy.
Bente Bratlund Mæland

torsdag 7. februar 2008

Sky Waych Friday.

The weather this last week has been like this..... .....this...... .....and this. I wanted to show somthing nicer on my sky watch post. I was looking through my photo files when I discovered how much longer the day is today than it was in the last days of December. This first sunrise photo is taken 11.13.07 at 8.33 am.
This photo is taken 12.20.07 at 10.25 am. You can see the bridge to the left. These last photos are taken yesterday morning at 8.51 am. A few hours later it was raining -again... I love that the days are getting longer everyday! I wish you all a nice sky watch Friday!

onsdag 6. februar 2008

I learn from you award.

Denne fine utmerkinga har eg fått frå Gawo, ho har laga awarden sjølv. Av dei utmerkingane eg har fått er det denne eg set aller mest pris på! Tusen takk! Eg har fått han for innlegga mine frå garden. Kva passar betre enn å legge inn ein liten skuletime i takkeinnlegget?
Om sommaren er det tid for å hauste av "markens grøde". For å få god kvalitet på foret er det mange ting som skal klaffe. Rett mengde gjødsel til rett tid, passeleg med regn, rett temperatur gjennom vekstsesongen, rett haustetidspunkt og fint ver i slåtten er nokre av dei. Kyrne våre kalvar i august og september og mjølkar til i mai. Då blir kyrne "sina" (me sluttar å mjølke dei). Deretter får dei ferie, dei går ute på "grøne enger" til langt utpå hausten. Etterkvart som dei kalvar må dei inn i fjøset to gonger om dagen for å bli mjølka. Ein gong i månaden måler me kor mykje melk det er i kvar ku og annakvar månad tar me melkeprøvar av alle kyr. Prøvane sender me til meieriet for analyse saman med rapport om mengde melk, foring, helse og kalvingsopplysningar mm.
Kvar ku har nummer og namn. Kvar prøve blir tilsett ein tablett for at melka skal halde seg frisk til ho blir analysert. Tre A4 ark blir fylt ut kvar månad. Me får betalt etter kvalitet så det svarar seg å gjere eit godt arbeid. Det er viktig å stelle godt med dei minste.
Sauene har funne ut at graset hos naboen er grønare enn heime. Dei sjekkar jamleg om nokon har gløymt å lukke grinda. Villsauene har eg nettopp laga eit innlegg om, men eg har lyst å ta med nokre bilete.
Her står dei med baken til, klare til å springe. Ikkje ganske alle søyene har horn. Verlamma har store horn etter nokre få månader. Flotte verlam, over og under. Veren er snart tre år gammal. Som sagt tidlegare er villsauene nå selt til andre bønder. Balder er gromgutten på Heimdal. Han tar stort sett livet med ro, men han har det med å dukke opp der det skjer.
Dette er ein liten del av arbeidsoppgåvene på ein gard. Det er mange eg kunne delt denne awarden med, men eg vil ha det til gode til eit anna innlegg
Ein god dag til alle som er innom hos meg i dag!