Når eg klikkar meg inn på mange av bloggane eg har på lenkelista mi er det som å opne eit smykkeskrin eller ei skattkiste. Nokre av bloggerane er mest opptatt av sjølve fotografiet, at det er velkomponert og har høg kunstnerisk verdi. Nokre bloggar interiør eller hage og har lagt mykje arbeid i å førebu fotograferinga. Nokre skriv ettertenksomme tekstar og dikt. Andre igjen er stadig ute på tur og lar oss andre få vandre saman med dei eit stykke gjennom bilda dei deler. Eg har gode og interessante stunder ved PC-en, alltid er det noko å nyte og gle seg over.
Av og til hender det at eit dikt eller eit bilde treffer meg "midt i magen", rører ved det innerste i meg og set tankane i sving. Slik var det med dette bilde eg fann på
Ruth sin blogg
Solsikken i dag. (Eg har fått lov å låne/bruke bilde hennar. Tusen takk Ruth!) Dette bilde seier noko om å reise seg igjen etter eit skikkeleg nederlag i livet. Treet har fått ein skikkeleg knekk eingong, men takka vere steinen som stod og tok i mot då det fall, fann det støtte til igjen å strekke greinene mot himmelen. Dei fleste av oss møter stormar ein eller annan gong i livet. Då er det godt å ha noko å kvile mot, nokon å støtte seg til. Familie, venner, naturen, ei trygg gudstru, det er ulike ting me menneske finn kvile i. Uansett er det viktig å ha menneske rundt oss som ser oss og tar imot oss og deler stunder med oss. Og kanskje viktigast av alt er det å kunne vere ein kvilestein for andre når det stormar i liva deira.
+l%C3%A5nt+av+Ruth2.JPG)
Kvilestein
Vi treng ein plass som er vår!
Eit rom vi kan lukka augo og finna
tilbake til når livet krev.
Ein kvilestein, ei elvebreidd, eit fjell
eller ei famn.
Noko som alltid vil forbli vårt
fordi vi eingong var der.
Bente Bratlund
+l%C3%A5nt+av+Ruth1.JPG)
Om vi evna sjå
Vi er aldri heilt aleine. Nokon er der alltid.
Ei hand å halde om, ei open dør.
Nokon som veit litt om det å leva.
Når vi står der i stormen, eller i den store stilla,
finst alltid nokon omkring oss.
Dei trengjer seg ikkje på,
men ofte har dei heist sine vimplar for at vi skal vite
at dei er der.
Bente Bratlund