Det er ikkje eg som lever det gode liv ombord på denne seglbåten, men eg ser for meg at det må vere ein avstressande og fin måte å reise på. Spesielt når båten glir sakte på speglblank sjø gjennom vakre landskap ein sein kveldstime først i juni.
onsdag 10. juni 2009
Life is good. / Det gode liv.
søndag 7. juni 2009
Garden joy. / Hageglede.
Er det ikkje merkeleg at når ein held på med noko som er kjekt går arbeidet unna med liv og lyst? Slik er det med hagearbeid hos meg. Det er nok mange som lurer på kvifor eg gidd å gjere så mykje utav det, men når berre veret er på mi side storkosar eg meg. Eg er i flyt og eg sansar nesten ikkje at timane går.
Likevel er det ei og anna oppgåve som ikkje er like lystbetont. Når eg skal slå der eg ikkje kjem fram med plenklypparen brukar eg ein ganske stor bensindreven kantklyppar. Då er det på med hørselvern, vernebriller og kjeledress så det bør ikkje vere for varmt den dagen. Men når "motorarbeidet" er unnagjort kosar eg meg med resten.
Denne slåtten tar eg berre eitpar gonger i sesongen og på tysdag tok eg "førsteslåtten".
På ein bergnabbe stod det ei lita tue med vakre strå som eg lot stå igjen, eg likar å sleppe til det som veks der naturleg når det passar inn.
I går jobba eg i hagen stort sett heile dagen. Eg fjerna visne blomar av denne rhodonendronen. Han har vore eit syn, heilt dekka av blomar. Men no var det på tide å fjerne alt det visne.
Eg raka også saman og køyrde bort graset eg slo på tysdag.
Utan mat og drikke...også bortetter. Eg hadde pause med ein betre lunch. Ostesmørbrød med pesto, tørka tomater, pepparskinke og norwegia, nam.
Og sidan det er laurdag må det vere litt godt til kaffien.
Etter maten luka eg stauderabatten og klypte bort frøa på perleblomane som står langs kanten(bildet er tatt før jobben er gjort).
I ein stauderabatt blømer ikkje alt på eingong og då er det kjekt med fargerikt lauvverk innimellom staudene. Her er det alunrot som gjev fin raudfarge.
Bregner veks naturleg her og eg inkluderer dei der dei passar.
Euphorbia 'Red Wings' begynte å bløme i mars og står enno!
Dei første scabiosablomane har opna seg. Dei er grasiøse blomar på lange stilker. Eg har fleire ulike sorter, nokre høge og nokre lågare.
Den av rhododendronane eg har som blømer seinast står no på sitt finaste.
Greinene heng heilt i bakken.
Dette var i går. I dag skal eg la humla suse, ta helg og berre nyte dagen! Mannen har tent på grillen og det er påtide å få lagt noko på.Ønskjer alle som er innom bloggen ein strålande søndagettermiddag og kveld :)
fredag 5. juni 2009
ABC- N for nok.
Abc-n står for nok hos meg i dag. Sjå diktet under bilda. Har du lyst til å sjå fleire abc-innlegg eller å delta sjølv klikkar du på ABC
Eg ønskjer deg nok sol til at livet ditt blir lyst.
Eg ønskjer deg nok regn til at du set pris på sola.
~~~~~
Eg ønskjer deg nok lukke til at du bevarer livslysta.
Eg ønskjer deg nok sorg til at sjølv dei små gledene blir store.
~~~~~
Eg ønskjer deg nok forteneste til at du får råd til det du treng.
Eg ønskjer deg nok tap til at du er takknemleg for det du har.
~~~~~
Eg ønskjer deg nok velkomstar til at du held ut den siste avskjeden.
Kristina Reftel
onsdag 3. juni 2009
In the back yard. / "Bak" huset.
Dei siste åra har eg laga bed og planta hekkar i den delen av hagen som ligg "bak" huset, eller rettare sagt nord for huset. Her står også ein gammal slipestein som eit minnesmerke over dei som har levd her før.
På eine sida av slipesteinen veks det sibirsk iris, dei er nettopp begynt å bløme.
På andre sida har eg planta ulike astilbe/arendspir. Dei er kvite, rosa og burgunder på farge. Det går nok ei lita stund ennå før dei blømer.
Langs kanten blømer tusenfryden.
Heilt til venstre på bilde skimtar me irisen, eitpar meter lengre nord/høgre står det ein hekk av skogskjegg der grensa til hagen går i nord.
Om eg snur meg rundt 180' ser eg resten av grensa mot nord. Her har eg planta ein hekk av kristorn. Dei treng nok nokre år ennå før eg kan kalla det ein skikkeleg hekk. Mellom desse bilda er det ein hellegang med store heller som går mellom huset og den gamle løa.
No i pinsen skifta sjøen farge til meir turkis eller sommarfarge som me seier her. Frå 20' i helga har me no berre 10-12 og med kuling frå nord i tillegg har det vore kaldt. Det er livd i hagen i den vindretningen så det har vore fint å vere ute her likevel.Tusen takk til alle som kommenterer hos meg! Eg får ikkje alltid tid til å svare alle, men vil at de skal vite at eg set umåteleg stor pris på alle dei fine og gode orda :)
tirsdag 2. juni 2009
Forsommar i stauderabatten.
Stauderabatten skiftar utsjånad månad for månad. Akkurat no er akeleiene begynt å bløme.
Storkenebb (geranium) har eg fleire ulike sorter av. Denne heiter 'Johnson blue'.
Hugsar ikkje namnet på denne no i farten.
Dette er 'Ballerina'.
Stauderabatten i motlys. Litt lite fargar, men mange planter i knopp.
I dag har det blæse minst stiv kuling frå nord her og det har berre vore 12 grader. Heldigvis ligg hagen i le frå den retningen. Trekrunene på kastanjetrea har fått ruska seg skikkeleg og plenen ser ut som om han har eit dryss av snø frå kastanjeblomane. I tillegg ligg det masse blad som er rive av trea. Typisk juniver her på kysten dette, men me håpar på stillare dagar :)
mandag 1. juni 2009
Vakre blindpassasjerar.
Eg har kjøpt sommarblomar hos ein lokal produsent. Innimellom løvemunnplantene hadde det snike seg nokre frø av lobelia. No blømer dei, er dei ikkje vakre?
Dei flettar seg innimellom løvemunnplantene.
Nokre få klarte eg å dele forsiktig i frå, dei har eg planta i ei krukke.
Det er eit ord som seier at ein får det ein betalar for, men av og til får ein meir enn ein betalar for :)Eg vil takke alle som er så flittige til å legge igjen koselege kommentarar hos meg :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)