tirsdag 11. mars 2008

Gratulerer med 28årsdagen "midtimellom"!

Gratulerer med dagen "midtimellom"! Her kjem ein liten hyllest til deg frå mamma. Eg hadde store problem med å velje bilete, det er så mange gode bilete av deg. Sjarmtroll og krutttønne, høgt og lågt, alltid "i farta". Mamma sin augnestein. Me er veldig glade i deg jenta vår. /It is my second daughter's birthday today. A few photos from her life. Stor stas i familien då du kom til verda! / Her big sister loved having a little sister. "Eg vil sjøl", var noko av det første du lærte å seie. Først prøvde du å ete med ei skei, så med to. Ikkje lett dette her. Kva skal ein med skei når det finns enklare måtar? Lilly må også få mat. "Pappa eg vil ha hikkerten på høkken å hå på hauene"!(kikkerten på kjøkkenet og sjå på sauene)
Sjarmtrollet vårt! / Our little charmer! It's her second birthday. Heim frå 17. mai-feiring og rett i sanddungen. / Direct from the 17th of May (Constitiution Day) celebrating to the sandpit. Oppvasken går som ein leik. / The washing up is going on wheels. Første skuledag for skulelyset vårt. / Ready for her first day at schoole.
Klar for karneval. / She and her classmate are ready for a fancy dress ball.
Basar til inntekt for Redd barna. / She and her cusin had a lottery to support the Save the Children organization.
Kitty var ein god ven i mange år.
To av dei mange undulatane du har hatt.
Barnejente til L-A i over tre år. Her lagar de kakemenner til jul saman med minstemann. / She was an "after school nanny" for a little boy for three years. They are making cookies for Christmas together, her brother participates.
Det er ikkje få alelam du har hatt ansvar for opp gjennom åra. Alle fekk namn og alle fekk godt stell. Ikkje alle lamma hadde livets rett så det blei mange triste stunder innimellom.
Bergen har vore heimbyen din i fleire år nå. / Now she lives in Bergen. På Åsane folkehøgskule blei du kjent med folk frå andre sida av jorda. / She went to school on "Åsane folkehøgskule" (collage of further education) for a year. A very good friend from China.
Påsketur til Roma. / Easter holidays in Rome Eit av idola dine er Odd Nordstoga. Kjekt med autograf. / An autograph from Odd Nordstoga a popular sing and song writer artist in Norway. Du har alltid vore ei friluftsjente, du trivst med vind i håret. / She likes the outdoor life. Sommarbrun og vakker. / Happy birtday to my beautiful daughter! Ønskjer deg ei fin fødselsdagsfeiring! Klem frå mamma. Eg skal sende klemmar frå pappa og mormor også!

lørdag 8. mars 2008

A bunch of roses for the weekend.

Roses from my garden last summer. Have a nice weekend!

torsdag 6. mars 2008

Sky Watch Friday.

In my garden these days, snow drops against the blue sky! This last photo was taken in August. It's a potato flower stretching toward the grey sky. Have a nice sky watch! Go to Wiggers World for the sky watch blog roll .

tirsdag 4. mars 2008

Liv i hagen. / Life in the garden.

Små vårteikn i hagen. / Small signs of spring in the garden. Dei små påskeliljene står i full flor. Ikkje alt er frå min hage, snøklokkene står i svigermor sin hage. / Some of the photos are from my garden and some are from my mother in law's garden.
I dag kom det eit lett snøteppe. Gravmyrt er begynt å bløme på sørsida av huset vårt.
Krokus tåler ei frostnatt og tre. Med desse vårteikna ønskjer eg alle som kikkar inn til meg ein fin onsdag!
I wish everyone a nice Wednesday!

mandag 3. mars 2008

"Broer som binder". /Bridges bewteen.

Her er mitt bidrag til "Broer som binder" denne månaden. Dersom du klikkar på Rune kan du finne lenker til alle "brubyggerane". / This is my contribution to "Bridges between" this month. If you click on Rune you will find the blog roll for the "Bridge Builders"
Bokn er samansett av tre små øyar og eit "utal" holmar, her bur litt over åttehundre menneske. Fram til februar 1991 var me avhenig av båt om me skulle ut av kommunen. Me måtte også bruke båt over sundet mellom austre og vestre Bokn. Bilete over er tatt frå Boknafjellet.(Om du klikkar på det kan du sjå deler av garden vår ) / Bokn is a small island with a population of about eight hundred people. In February 1991 we got connected to the mainland by three bridges, one of them is Boknasund bridge. (Click on the photo above and you will see parts of the farm were I live) Bokn ligg midt i seilingsleia og me har i mange år hatt godt båtsamband både mot sør og nord. Båtar som skulle til Haugesund og Stavanger gjekk innom fleire gonger om dagen. Skulle me så langt som til Bergen tok me nattruta, ho kom på nord klokka 22.30 om kvelden og på sør 6.30 om morgonen. Eg var fjorten år første gong eg overnatta ombord på nattruta på veg til Bergen. Biletet under: Eit møte mellom ny og gammal tid; "Sandnes" (tidlegare nattrute) går gjennom sundet medan bilane frå ferja mellom Arsvågen og Mortavika køyrer i kø på E 39 på Austre Bokn. / A meeting betweeen new and old time; "Sandnes" (the night service between Bergen and Stavanger some years ago) is sailing through the sound while the tailback drives lengthwise E 39 on Austre (east) Bokn.
Tilfeldigvis låg Bokn "i vegen" då sør -og nordrogaland skulle knyttas saman til eit rike, dermed fekk boknerane fastlandstilknyting ved hjelp av tre bruer. Boknasundbrua ligg der i storm og stille. Berre ein gong har brua vore stengd på grunn av storm, men ho har fleire gonger vore stengd på grunn av ulukker. / The bridge has beeen closed one time in a storm and several times because of road accidents. Me har fått ein ny tidsrekning på Bokn; "før og etter bruene". Bilete er tatt i begynnelsen av februar. Me kan tydeleg sjå at dagane er blitt lengre, ved vintersolkverv steig sola opp på vestsida av brua. / We have a new era on Bokn; "before and after the bridges". Brua har blitt eit landemerke som tv-masta alt har vore i mange år. / The bridge has become a landmark like the TV-pylon has been for years here on Bokn.

lørdag 1. mars 2008

Gåve i posten -igjen! / A present in my letterbox -again!

Mange vennskapsband blir knytta her i Blogglandia. Ei av dei eg har blitt kjent med nå i det siste er Nunne med bloggen Bestemors hus. For nokre dagar sidan spurte ho om eg kunne tenke meg å gje henne adressa mi, ho hadde lyst å sende ein liten ting til meg "berre for skøy" som ho sa. I dag dukka det opp pakke i postkassa. Tusen takk Nunne! Du er verkeleg snill! Gryteklutane har tanta til Nunne hekla. Nydeleg arbeid, dama som har hekla er 96 år gammal! Ei nydeleg påskebrikke låg også i pakken. Påskesjokolade. Spørs om det er noko igjen til påske. Eg har alt kosa meg med den eine og den gav meirsmak! Sjeldan at eg uner meg sjokolade, men eg elskar det! Kortet som følgde gåva. Vakkert bilete med gode ord, og koseleg helsing på andre sida. Me har alle vår livshistorie, noko godt og noko vondt. Kjæleik og familie, men også tap og smerte. Me har ulike bører å bere. Det er viktig med oppmuntring, gode ord og å vere til stades for kvarandre. I kommentarfeltet på bloggen min har eg fått gode ord frå så mange fine menneske som eg ikkje kjenner og som ikkje kjenner meg. Eg har også fått kort og gåver i posten. Eg kjenner meg rik! Today I got a present from a blogging friend I really don't know. I truly appreciate it. Thank you so much Nunne, this was so kind of you! A nice weekend to everyone!