Her kjem nokre bilde eg eigentleg hadde tenkt å lage innlegg med første sundag i advent.
Det blei ikkje då, men me er framleis inne i adventstida så det er vel ikkje uaktuelt ennå.
Litt fleire lys som skal tennast einaste.
I fjor kjøpte eg nye papirstjerner til stova og kjøkkenet.
I den andre stova er dei gamle metallstjernene på plass.
Adventstaken har eg hatt fleire år. Kjekt å ta fram pynt eg har hatt år etter år.
Novemberkaktusane blømde akkurat då dei skulle i år :)
I fjor gløymde eg å sette dei bort så då fekk eg berre to blomar på den eine og ingen på den andre ;)
Adventskalenderen min som Hulda har laga :)
Sundag som kjem er me komne til det tredje lyset.
Første julekortet me fekk i år er frå Ask Leonard og familien hans.
Mamma Monica har fotografert og laga koselege kort til familie og venner.
Herlige Ask Leonard er farmor sitt gull :)
God adventstid til deg som kikkar innom bloggen min :)
3 kommentarer:
Jättefina stjärnor, blommor och pyssel du gjort!!
Och gräsmattan är grön ser jag .... det har också vi ...
Hoppas på en vit jul!
Ha en skön dag!
KRAM ♥
Koselig å se innom huset ditt i adventstiden. Ser veldig fint ut ! Liker utsikten din også ;)
Så koselig det hjå deg og fint adventspynta.
Supert å få kaktusane i blomst når dei skal. Min var i tidligaste laget i år...men, men.
Nydelig kort frå gullgutten til farmor.....dei er så herlige desse skjønne barnebarna. Blir aldri mett av dei....
Fortsatt god adventstid.
Legg inn en kommentar