søndag 3. mars 2013

Langs traktorspor og sauetråkk.

Då eg gjekk ut på tur idag tenkte eg at det kanskje var ein idé å lage 
ein fotoserie i svart-kvitt eller sepia, alt såg uansett grått og besj ut. 
Men då eg såg nærare etter fann eg fargar mellom alt det bleike. 




Traktorvegen snor seg gjennom kulturlandskapet.


Alle le står opne nå når sauene er inne.


Eg finn vakkert limegrønt lav som lyser opp i alt det grå.






Lav og mose går ein lett forbi når graset er grønt og fargerike markblomar pyntar opp.







Grøfta har fått gjerde på begge sider for at dyra ikkje skal havne uti og sette seg fast.


Det er framleis tele i jorda, men det tiner og tør.


Nakne lauvtre med sprikande greiner står som skulpturar mot mørk barskog.


Langs bekken er treleggene mosegrodde.


Nakne greiner mot lettskya himmel.


Mosegrodde steingardar er som smykke i kulturlandskapet.




På tide å snu nasen heimover.


Kulturlandskapet er prega av bønder og husdyr gjennom generasjonar.
Det gjer godt for sinn og sjel å komme litt bort frå allfarveg og bilstøy 
og finne ro og kvilepuls.

6 kommentarer:

MarJE sa...

Herlige omgjevnadar og landskap du bur i. Deilig å gå turar der å berre la tankane svirre fritt.
Det er heilt vår hjå deg ikkje ein snøflekk. Her har det snøva i dag, men likevel er det vår i lufta. Det er deilig no med mykje lengre dagar.
Ha ei god fin veke, klem frå MarJE.
NB! Nydlige bilete du har tatt.

Mandy Lou sa...

Det var jo mange farger der! Og så vårlig da helt uten snø. Flotte traktorspor og sauetråkk å vandre etter. Fine turbilder!
Ha ei riktig fin uke!

amo sin blogg sa...

Nydelege bilde.
Du har eit godt blikk for detaljar. Fargane du har funne er fantastiske.
Ynskjer deg ei fin ny veke !
Anne-Mari

Hilsen Bodil F.T. sa...

Svært vakre naturbilder! Du har virkelig sansen både for små og store kunstverk ute i naturen!

Anita sa...

Helt herligt å se slike ekte bilder fra våres kulturlandskap!Det er ikke alle som får det med seg..alt skal jo vøre så nytt og industrielt idag.
Nydelige skildringer både i ord og bilde.
Og så fint dere har gjort det for dyra!Bravo!
SYNs ingenting er svart hvitt.det fines alltid noe..for den som ser og leter.
Ha en fin natt og fin ny uke
Hilsen Anita

Vform sa...

Fantastiskt landskap och såå vackert denna årstid! SNART är det bara grönt som gäller ...
KRAM ♥