torsdag 2. august 2012

August

Så har me snudd kalenderbladet over på august. Ettersommar, litt vemod i ordet synest eg.
Det er ikkje så lenge lyst om kveldane som det var i juni, 
men det er nå litt koselig å tenne litt lys inne når det mørknar ute.
Det er frodig og grønt rundt oss her for me har iallefall ikkje mangla vatn!
I dag har veret vore overskya, lummert og blikkstille.
Var ute og gjekk tur ikveld i det fine veret.


Hagen er fin i august, då har sommarblomane vakse seg store og frodige, 
hauststaudene blømer, og rosene står i full flor.




Skaugum-begonia har eg etter mor. Kjekt å plante dei same knollane år etter år.
Eg hadde ikkje så stor sans for desse begoniane tidlegare, men eg likar dei betre for kvart år.
Dei tåler veldig godt regn og det aller beste er at sneglane lar dei stå i fred.




Rosene ber preg av at det har regna mykje i det siste. Eindel av knoppane rotnar før dei får opne seg 
og eg må gå over med saksa og klyppe bort det verste av og til.


I enden av rosebedet planta eg i ein prinsesse-spirea for at han skulle live for rosene,
men i vinter fraus han og i vår såg han heilt daud ut. 
Eg klypte han heilt ned og heldigvis kjem han seg veldig fint igjen.


Klatrerosa eg planta ifjor stortrivst ser det ut som, ho veks og blømer rikt.


På austsida av huset har me ikkje fått ordna ferdig etter renoveringa. 
Her skal muren pussast ferdig før me kan få ting på plass.


Litt har me fått gjort da, har fått bort ei forferdelig stor rot.
Kjem vel med at me har både traktor og gravemaskin når slike beist skal bort :)



Har også tatt bort gjerdet rundt deler av hagen, 
noko som gjer at eg kan klippe plenen heilt til vegkanten.


Mjødurt dominerer i staudebedet akkurat nå.



Hortensia har vakse seg stor og har masse blomar iår.



Blada på hortensia kan vere fargesterke og vakre dei også.


Ulike stauder, femtunge og fuksia.


Ulike vintergrønne nåletre har fått selskap av revebjølle og kystbergknapp.




Blomane i sinkstampane på skuggesida av bislaget har "rådd skikkeleg or" 
sjølv om dei må klare seg nesten utan sol.



Eg kryssar fingrane og trur på ein solrik og varm ettersommar :)
Ønskjer deg som kikkar innom fine og gode dagar framover :)

5 kommentarer:

christine sa...

Ja, der blomstra fint hos deg på Bokn Marie. Ser rosene dine o har fått sin dose av vatn, eg o måtte ut og klippa av dei råtne roseknuppane i dag. Så synd at dei ikkje får mulighet te og springa ut eingong.

Den fargen på hortenisaen din e jo bara så nydelige.

Eg o håpe på ein fine og varme ittesommar.

Ønske deg ei flotte helg, og forhåpentligvis ei helg med opphold.

Gyldenlakk - hage og pusterom sa...

Koselig å kikke innom i august hagen din!

FO - 2 sa...

Visuelle gleder og nytelser.
Hver eneste blomst,
og hvert eneste bilde.
Virkelig flott!

Jeg har noen Begoniaknoller som jeg fikk av ei venninne. De blomstrer fint her ute, akkurat nå. Frodige og fine.
Siden tåler de regn. ;)
Fikk også knoll til Lykkekløver.
Den er fantastisk fin!
Til stor glede.
År etter år... (:

Kos deg i hagen,
og god helg!
Også håper jeg at solen vil skinne på deg, Marie.
Klem.

Vform sa...

Åh, så FINT Marie!!
Hortensian och rosorna är mina favoriter :)
Önskar också att hösten blir fin och varm :O)
Här har det åskat i dag och skyfallet har fyllt alla diken :/
Hoppas det blir bättre över helgen, vi har marknad på Fagerö i samband med loppis!
Ha en skön helg du också!
Kram Vivan

MarJE sa...

For ei flott vandring i hagen din eg har vore på no. Eg kosa meg heile vegen. Roseproblemet med rotne knuppar er det same hos meg. Trur sommaren har vore våt i heile landet i år. Har Skaugumsbegonia sjølv. Syns heller ikkje dei var av det finaste første åra, men etter som åra går vert dei flottare og flottare. Er det noko med alderen på oss som eig dei? :D
Så greit å ha både gravemaskin og traktor når tunge BEIST skal vekk. Kjekt med han som kjøyrer også :))
Huset Dykkar var prikken over I-en, nydelig.
Ha ei flott helg.
Klem frå meg :)