onsdag 11. april 2012

Farvel vinter, velkommen vår!

Me har hatt trøbbel med internett-tilgang i to-tre veker 
så eg har ikkje fått oppdatert meg her i bloggverda på ei stund. 
Sidan eg bladde over frå vinter til vår på sist blogginnlegg kom vinteren innom ei tidleg morgonstund for å takke for i år. Det lette snødrysset forsvann ganske snart då sola kom fram frå skydekket. 
Desse bilda blei tatt 2. april, etter det har veret skifta mellom strålande sol og regn. 
Det har vore kaldt, spesielt om nettene då har gradene av og til krope under null. 

I dag gjekk eg tur i skogen før jobb. Sola skein etter at det regna i natt og det glitra i dråpar overalt. Fuglane var i full gong med vårkonserten og det var ei herleg stemning i skogen. Bokfink, måltrost og ei mengd andre fuglar hadde det svært så travelt med å fortelje omverda, potensielle kjærestar eller rivalar, om at her bur eg.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord
og atter som eit under nytt liv av daude gror.










7 kommentarer:

Mariann sa...

Nydelige bilder! Nå får vi håpe at vi slipper å se mer snø på denne siden av sommeren.

Refleksjon på livsvegen sa...

Så flotte bilder til tekst!

klem

christine sa...

Ska sei det blomstra på Bokn. Me fekk et lite snødryss me opp 2 april, og ikkje lite heller. Nå har det stort sett regna siden det, nå e eg lei av kulde og regn, og vil ha sol og varme.

Lene sa...

Nydelige bilder av kalde blomster ;)
Klem Lene

Vform sa...

Hej Marie!
UNDERBARA bilder ...
Snart har vi vår här också, bara det ville bli litet varmare!
Men den som väntar på något gott ...
Ha det bra!
♥-kramen!

naturglede/Randi Lind sa...

Hei på deg! Glad du er på nett igjen. For en vakker samling bilder du viser her. Ønsker deg en vakker vårhelg :)

Ruth Bernssen Bø sa...

Vakkert!

Det hadde vore av og på med snø og regn her og, men no VIL me ha varmare dagar :-)

God helg