Har du lyst å vere med på ein liten omveg? Eg er så heldig at det tar berre ti minutt å gå til jobb for meg. Når eg skal heim vel eg ofte ein omveg på femti minutt, først gjennom skog, deretter langs ein traktorveg gjennom beiteland. Siste biten i ope landskap på vegen gjennom kyrkebygda. Ein skulle kanskje tru at det blir kjedeleg å gå same vegen så ofte, men det synest ikkje eg. Eg elskar skiftingane årstider og verforhold gjev. Å gå her ein blikkstille vinterdag der det er alldeles stille og å gå her seinhaustes i kuling og regn gjev totalt forskjellige opplevingar. Eller som no i desse dagar, det er eit fuglekor utan like, det luktar nydeleg av nyutsprungen bjørk og lysegrøne mjuke granskot. Eg skulle verkeleg ønskje at eg kunne lagt lyd- og luktfil med på dette innlegget. Bilda er ikkje av beste kvalitet fordi dei er tatt med mobilkamera. Håpar likevel at eg klarer å formidle litt av vårstemninga.
Sollyset blir silt gjennom greiner og blad. Det luktar vårvarm jord og nyutsrungen bjørk og anna grønt. Vinden susar lett i tretoppane og stryk meg vart og varmt over kinn og panne. Tjue grader i mai er sjeldan kost på desse kantar. Fuglar sitt tett i tretoppane og innimellom greinene og syng sine vakre strofer. "Her bur eg, her eig eg" høyrer eg om eg legg godviljen til. Bokfinken si strofe går opp og ned, så ein liten pause før han sluttar av med eit "sant?" før han tar same strofa eingong til, om igjen og omigjen. Andre fuglar nærast boblar over i våryr begeistring.
Blåbærlyngen står frodig mellom treleggene.
Det klukkar lett i ein liten sildrebekk.
Eit rognetre prøver å finne sin plass mellom litt glisne graner.
Grusstien snor seg gjennom skogen.
På veg ut i opnare landskap.
Her langs traktorvegen er det lys nok til at mange ulike blomar trivst, slik som løvetann, fioler og kvitveis. Skogstjerne blømer også nå.
I ei av desse småbjørkene sat svarttrosten og song sine mollstemte vemodige fløytetonar i det eg gjekk forbi i dag. Eg stoppa og pusta litt på og fekk med meg litt av konserten. Svarttrosten er favoritt-sangfuglen min.
Vakre grøne nyansar. Her veks einer, lyng og bjørk framfor eit bakteppe av lerk og gran.
Vegen svingar seg gjennom landskapet, opp og ned bakkar.
Etter utmarka går vegen inn i kulturlandskapet. Her blir eg møtt av vipa sitt vivitt, vivitt, ho har tydelegvis reir i nærleiken og vil halde meg på avstand.
Svalene som er komne tilbake frå sørlegare breiddegrader flyg høgt på himmelen. Eit skikkeleg godversteikn.
Takk til alle som har kommentert hos meg i det siste :) Det har vore litt labert med svar frå meg, men eg har planar om gjenvisitt ganske snart :)
Ha ein fin vårkveld :)
14 kommentarer:
klart eg vil vera med på tur...
Flott veg du kan gå heim frå arbeid.
God kveld.
Så flott vei du kan ta fra jobb. Nydelig terreng. Likte så godt den steinmuren. :)
Så flott en omvei,den skjønner jeg godt at du trives med å gå!!
Takk for turen :-)
Det var en deilig omvei å gå!
Timesturen innholder alt hva våren har å by på!
Jeg har også en vei jeg går året rundt.
Fantastisk å oppleve forandringene i naturen.
Ha en fin torsdag!
Men Marie, vilken tur du bjöd mig på! Alldeles underbar!
Som vackra tavlor, målade i olja, allesammans! Känns som att man vill söka fram färg och palett ;O)
Blir riktig inspirerad ...
Ha en fortsatt ljus och fin vår!
Kram Vivan
Vakre bilder og fin tekst! Hilsen toril A.
Nydelige bilder.
Flott å følge deg på turen din.
Takk for en fin tur og flotte bilder :) Det er så mye spennende ute i naturen akkurat nå, og friske vårfarger!
Klem
Tusen takk for turen. Kjekt å gå den ilag med deg :-) Mobilkamera er faktisk meir enn godt nok på tur. I hvertfall så har du klart å ta veldig gode bilder.
God helg til deg.!!
Thank you for great photogenic trip outline. Hope you had a good time, and hope all is well. Anna :)
Heisan !! Tusen takk for turen. Det gjorde godt, høyrde både kvitter og kjende go`lukta i vårskogen. Utruleg flott skogsti må eg sei. Den er du heldig som har i din nærleik !! Ha det godt og go`helg !
Takk for turen! Det er en vakker omvei og bildene var mer enn gode nok til å formidle stemningen :)
Ha en fin søndagskveld!
Hei.Tusen takk for en virkelig nydelig tur.Vakkre,koselige bilder.Ønsker deg og dine en riktig fin 17 Mai.Klem fra Bodil.
Legg inn en kommentar