mandag 26. juli 2010

Glede og vemodstankar.

Når eg er ute og omgjev meg med alt det vakre som blømer i desse dagar kjenner eg vemod over at mor ikkje får oppleve dette... Når kveldane er lyse og lange og tilsist raudnar i nord, når mørkre ikkje får skikkeleg tak før det igjen lysnar i nordaust tenker eg på kor stor pris ho sette på tida fram mot midtsommar.
Eg saknar at ho kjem ut i hagen ei kveldstund først i mai, ruslar rundt, støer seg på staven og seier; "du har fått gjort møkje i dag Marie". Eg veit at ho hadde gledd seg stort over første oldebarn som blei fødd no i mai og over at eit til er på veg. Samstundes hadde ho hatt sut for framtida deira. Ho hadde også gledd seg over at barn og barnebarn hadde vore ein del av sommaren hennar. Ho hadde vore glad for at flyet eldste barnebarnet kom heim med ikkje datt ned denne gongen heller. Ho hadde bekymra seg for at jenta som er på fjelltur i Sogn skulle skli utføre ein fjellskrent og "skamfore" seg og ho hadde vore glad når ho visste at båtfolket låg trygt fortøydd. Det hadde gleda henne og vore med meg på biltur til ei av dei andre døtrene, sett på naturen langs vegen medan jentene mine sat i baksetet og song tostemt. Idet me køyrde ned vegen her heime etter heimturen hadde ho sagt at ho kunne køyrt i mange timar til... Gode minne iblanda vemod og glede ein solrik og varm sommardag her på Heimdal.

7 kommentarer:

Orlaug sa...

So fine ord!

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Mor di fikk et langt liv med mange flotte opplevelser, mye takket være deg. Vemodig å tenke på det som har vært og aldri mere kan bli, men man må være takknemlig for å ha hatt.

Klem fra oss i regnværet

IngunnBW sa...

Så vakkert å lese...

Anonym sa...

Vakker vemod! Hilsen Toril A.

Sylke Feldhusen sa...

Ja, det er rart med savnet - tankene vandrer av og til tilbake i tid, og slik vil det kanskje være en god stund framover...

Fine bilder fra deg igjen! Klem fra Sylke

bentetove sa...

Så flottdu klarer å formidle savnet og gleden over å ha hatt ei god og omsorgsfull mor :)

Laila -Karin sa...

Hei Marie .
Du vant vesken.
Finner ikke adressen din, så vist du sender den til meg har du snart
gave i posten.
Så flott dette var skrevet Marie.
Klem