lørdag 15. august 2009

Innom Hardangervidda natursenter.

Skulle tru eg hadde vore på tur i vekevis, no har eg brukt ei- og eihalv veke på bloggen på ein firedagars tur. Sånn er det når eg har så lyst å vise fram så mange bilde av denne vakre biten av landet vårt og når minnekortet er proppa med bilde gjer ikkje det saka lettare. Eg likar også å dele bilda opp i tema slik at ikkje alt kjem som "eit sopihop". No kan eg trøysta deg som er innom med at dette er siste innlegget frå turen!
Bilda over og under er frå Måbødalen, Norges Grand Canyon som går 400 meter loddrett ned. No går mestedelen av bilvegen gjennom tunellar, men om ein vil kan ein ta ein tur med trolltoget som køyrer frå Vøringsfossen og ned dalen på den gamle vegen som som snor seg i hårnålssvingar nedover fjellsida. Nesten nede kjem me til Øvre Eidfjord som ligg mellom bratte fjell på inntil 1300 meter høgde. Her ligg Hardangervidda natursenter. Her hadde me ein pause og fekk mellom anna med oss ein fantastisk film over området. Filmen er tatt frå helikopter og blir vist over fem skjermar. Det var som å vere med i helikpteret og skue over eit fantastisk naturområde. Sjølv om eg måtte lukke augene innimellom i dei krappaste svingane for ikkje å bli reisesjuk var dette ei fantastisk oppleving! Utstillinga på natursenteret var også vel verd å få med seg. Dette har eg saksa frå www.visitnorway.com:
Hardangervidda Natursenter Eidfjord er eit moderne og spanande natur og kulturhistorisk opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø. I vakker vestlandsnatur, ved foten av Vøringsfossen og oppstiginga til Måbødalen, finn du opplevingssenteret med sin spennande landskapstilpassa arkitektur. Hardangervidda Natursenter Eidfjord har som føremål å samle og spreie kunnskap om samspelet i naturen, og relasjonane mellom natur og menneskleg verksemd. Vår oppgave er å skape eit nært møte mellom det moderne mennesket og naturen. HNE er ei oppleving for heile famililen, med levande utstillingar på 2200 kvm, aktiv medverknad og visuell formidling. I dag framstår senteret med moderne og banebrytande formidlingsteknologi. Supervideografen er ein moderne panoramakino produsert av Ivo Caprino. Her får du delta på ei reise der fjord, fjell og foss er hovudtema. Senteret har kafè/restaurant, souvenirbutikk og turistinformasjon.
Siste del av turen gjekk langs Eidfjorden og vidare langs Sørfjorden inn mot Odda. Langs Sørfjorden ligg fruktgardane som perler på ei snor i dei bratte bakkane og dette perlekjede er fantastis vakkert! Frå Odda gjekk turen til Fjæra og så vidare langs Åkrafjorden(bildet under) Langfossen. Snipp snapp snute, så var tureventyret ute :)
Håpar likevel at du kikkar innom i morgon, søndag, då vil eg informere om bloggtreff.
Ha ein god dag og kveld :)

9 kommentarer:

Laila -Karin sa...

Litt av en Norges reklame dette.
Nydelig tur vi fikk sammen med deg
Klem

GundaM sa...

Sier som Laila!!!
Og stod virkelig de dyrene på taket der på senteret...Hmmm

Lørdagsklem til deg;)

Birgitta sa...

Hej!
Det har varit så trevligt att få följa med på din ferietur med vackra vyer. Här har jag varit. Åkt över Hardangervidda och från Odda till Eidfjord och upp till Kieåsen. Och Vorringsforsen har jag också sett. Ni har ett vackert land. Vi gjorde en väldigt kort tur till Norge i år.
Du får gärna visa mer bilder från er tur.
Ha en mysig helg.
Kramis Birgitta

Anne-Berit sa...

Nydelig Marie,takk for turen:o))

Dagrun sa...

Dette er en av de aller vakreste turene jeg vet om! Helt fantastisk!

En gang må du ta turen om Geirangerfjorden også over fjellet mot Stryn etterpå. Det er ganske likt opplevelse på mange måter.

Brit. (lille meg) sa...

Du må ha hatt en spennende tur!
Men vet du, denne gangen fikk jeg ikke opp et eneste bilde. Snodig!
Jeg tar en tur innom senere for å se om det kommer opp noen bilder da.
Ønsker deg en god søndag!:-)

AnneKa sa...

Fantastisk flotte reiseskildinger og bilder du har laget til her. Har kost meg masse nå med de siste innleggene dine:))

Hage foto og natur sa...

Vi kan være stolte av vårt langstrakte land, med et så ivaretatt og mangfoldig landskap.
Husker hvor spennende de var da vi kjørte ned Måbodalen , etter å ha beundret Vøringsfossen.
Natursentret i Eidfjord er vel av nyere dato?
Artig at sambygdingen min "Ivo Caprine" har produsert Panoramakinoen.
Det har vært fint å få se de vakre bildene, og blitt bedere kjent med Vestlandet.

klem.

Amrita sa...

nice to see the Norwegian wildlife