Do you remember my elm? Well, here is another series of the same tree.
Thank's for your comment on my sky watch post last week!
I wish you all a nice weekend!
Do you remember my elm? Well, here is another series of the same tree.
Her var det "mat" for alle sansar. Me er ulike, men like mykje verd!
Mange av dekorasjonane inneheldt ting som Rita Aasen har laga.
Rita Aasen skriv dikt og ho har gjeve ut fleire bøker som er blitt bestselgerar.
Vakre telysestakar som i utgangspunktet var krus som var blitt misslukka. Går livet vårt istykker er me likevel ikkje ubrukelege. Får pottemakarmeisteren forma oss kan me begynne på nytt.
Ein god kvilestad!
Festbordet dekka lørdag kveld.
Matsalen var også pynta etter same tema.
Godt å gløyme kvardagen sine krav for ei lita stund, koma ein stad og berre vere. Andeleg påfyll. Gamle vennskapsband er styrka og nye band er knytta.
My theme this week is sky reflection in water.
The photo above looks upsidedown. The photo below is upside down but looks right. Do you see what it is?
The answer is here, it's a telephon post and my birdfeeder.
Vegen er lett å gå og det køyrer sjeldan bilar her. Landskapet er vakkert sjølv i skoddetungt ver.
Dråpane hang som glasperler på kvar kvist og strå. Dei speglar av ein ein grå himmel.
Me kjem etter ei stund til gammalt kulturlandskap. Her står nokre hus og hytter. Hyttene ligg fint i terrenget.
Det er ennå bær på kristornbuskane. Me har nesten ikkje hatt snø i vinter og fuglane har nok funne annan mat. Snøen kan ennå komma og då blir buskane fort reinska.
Bortsett frå bæra var det ingen prangande fargar. Her er det ton-i-ton i grønt og brunt.
I det me gjekk over på stien høyrde me det klemta i ei mengd sauebjøller, ein stor flokk med villsau dukka opp over ein bergknaus. Dette er landskap dei stortrivst i.
Trolsk stemning. Bileta er tatt mellom klokka 10.30 og 12.30, ikkje mykje dagslys i dag.
Gammal gardsveg, her andar det av fred. Fuglane har ikkje begynt på vårsongen ennå.
Stien gjennom utmarka er merka, greit for dei som ikkje er kjende.
Kjekt å gå fleire i lag, men det er ikkje alltid like lett å få det til å passe på dagtid.
Ein stor flat stein, ei "bru som bind" stien saman.
Denne flotte einerbusken var sikkert tre meter høg.
A couple of friends and I went for a two hours walk today. The weather was very foggy, but mild and calm. We walked through a beautiful landscape.