tirsdag 10. juni 2014

Sol og sommar :)

Varmen og det fine veret i det siste har gjort at hagen er fargerik og frodig :)
Å pusle rundt der er noko av det kjekkaste eg gjer.
Bli med ein liten runde da vel ;)



På skuggesida har eg planta fargesterke blomar som lyser skikkeleg opp.


Stolen står stort sett til pynt medan eg ligg på kne med rompa i veret ved eit bed og lukar ;)
Men det er sånn eg vil ha det. Å stelle med blomane gir trivesel både for meg og dei :)




Den gamle slipesteinen har stått her i generasjonar. 
Eg har sveiva mange gonger når far skulle slipe øks, knivar eller ljå.
Då slåmaskinskniven skulle slipast bytte eg og søstrene mine på å sveiva
for det var både tungt og tok lang tid.
Ikkje like kjekt då alltid, men gode minne nå.













 Prestegårdsrosa Rosa x alba 'Maxima' (over og under)



Austinrose 'Mary Magdalene', (over- under)



Mandarin (over- under).



Moje Hammarberg, (over- under).




Milde kveldar for folk,



og for fe.


Mjuke fargar på kveldshimmelen i det sola går ned.


"Kvelden rød, gir morgen sød".
Men i dag kom regnet, men ikkje meir enn eng, åker, og hage hadde godt av :)

lørdag 31. mai 2014

Vips, der gjekk våren over til sommar :)

Våren i år har vore ekstra fin med mange morgonar som dette.



Og kveldar som dette.


Litt skyer innimellom.


Kyr og kalvar er ute på grøne enger.


Rhododendron i ulike fargar har pryda hagen dei siste vekene.




Kveldssol over stauder og nyslått plen.





Hagebuskapen har også kome ut i det grøne :)


Sola vekker til live både dei store-



og dei små.


Storkenebb, favorittar i staudebeda.












Kjekt å sjå desse primulaene er tilbake etter at eg planta dei i fjor.


Fjørekoll/strandnellik.


Iris.


Akeleier, har mange, men ønskjer fleire :)


Stjerneskjerm, passar fint inn i gardshagen.



Krukker og kar er komne opp frå kjellaren, 
fått ny jord og nye sommarblomar.




På terrassen.














På solsida.


Peonene står med bresteferdige knoppar.


Spanske mergeritter.



Prestegardsrosa har opna aller første rosa.



God helg :)