søndag 12. januar 2014

Interiør, om å skape mitt eige :)

 Først vil eg få seie at livet er så mykje meir enn hus og hage, 
men for meg er det er likevel ein stor del av det som gir livsglede :)
Eg likar å dele det med dei som skulle finne det interessant.
Likevel sit det litt inne. 
Er redd for å bli oppfatta som overfladisk 
der heimen min skal farmstå som støvfri og glansbildeaktig. 

Slik er ikkje det verkelege livet...
Der er det opp- og nedturar og utfordringar hos meg som hos dei fleste andre.

Bloggen er for meg eit pusterom i ein travel kvardag 
der eg vel å fokusere på det som er positivt og som gir meg glede :)


Så er det sånn at stilar og trendar er i stadig endring 
og hos meg er det litt sånn "blanda drops", mest gammalt, men også litt nytt.
Eg bur i eit gammalt sveitserhus bygd i 1855 
og det er ingenting av inventaret som er frå då huset var nytt. 
Eg prøver å finne mitt eige uttrykk 
som er nokolunde tru mot huset.


Her er ei salig blandig av nytt og gammalt. 
Tapetet er frå Nork Arv og heiter 2305 Kroken grønn.
Den grøne skåla på skapet er eit bruktfunn som er maken til ei skål mor hadde 
som dessverre blei knust. Veldig kjekt å kome over slike ting.
Skal det bli heim og ikkje berre hus er familiebilde på veggene viktig for meg.


Sofagruppa har eg arva etter mor. 
Nå er nok ikkje dette fargen eg hadde valt, men stilen passar heilt fint inn synest eg.
Sølvlysestakane på bordet er også eit bruktfunn. 
Mor hadde akkurat like desse som nå er hos ei av søstrene mine.


Blondegardinene berre elskar eg! 
Eg er så glad for at eg fann desse i nettbutikken til Helen Fredholm.


Litt eigne bilde høyrer også til. Skjenken og skapet i same stil er arv.


Herlige Ask Leonard kikkar på oss både her og der :)



Me bur fritt og landleg og har god utsikt.




"Skattehylla" mi. 
Eg var lenge på leit etter ei hylle i mørkbeisa eik, men gav til slutt opp og kjøpte denne.
Sidan lister rundt vindauge og dører er kvite går det an synest eg.


Under tallerkenhylla er det fleire skattar som eg har arva.


Litt nytt er det innimellom. Desse figurane frå Willow Tree er gåver.
Likar dei veldig godt :)



Dette er mitt og her er eg heime :)

God sundag :)

torsdag 2. januar 2014

Før julelysa brenn ned....

Snart skal julepynten pakkast ned, men det skal få stå til helga her hos oss.
Er litt gammaldags eg (på den måten også). 
Pynten kjem fram dei to-tre siste dagane før jul,
juletreet blir pynta vesle julafta, 
så då står det til trettande dagen før det blir pakka saman igjen.
Desse få dagane etter at nyårshelga er deilige. 
Eg har ferie fram til måndag og det er ingenting eg gjere.


Raudt skal det vere, blankt skal det vere og englar skal det vere :)


Sjølv om englane dominerer har ein og annan nisse lurt seg inn imellom :)




Blomar er prikken over i-en :)


Juletreet er fargerikt pynta med pynt eg har samla opp gjennom åra.


Vindaugepynten er ny (Perfect home).

Ute regnar og blæs det, og det har det gjort store deler av jule- og nyårshelga,
Lite dagslys når dagane er så grå. Då er det ekstra kjekt med lysfest inne :)

tirsdag 31. desember 2013

Godt nytt år!


ÅRSSKIFTE
Nå gløtter tiden
på timeglasset:
- Et sandkorn faller.
- Et år forsvinner.
Vi står tilbake
og raker sammen
en liten gravhaug
av gamle minner.

Vi raker sammen
og ser tilbake.
Tilbakeblikket - 
hvor tungt det veier!
Så kaller tiden
fra svingen forut,
og vi må vandre
med hva vi eier.
Kolbein Falkeid 



Tusen takk til alle som som har kikka innom bloggen min i 2013. 
Ekstra takk til deg som har tatt deg tid til å å legge igjen
 kommentarar på både det eine og det andre innlegget :)

Helsing Marie


mandag 30. desember 2013

Jul i heimdalhuset :)

Små glimt frå "glade jul"edagar hos oss :)


Ask Leonard svingar kjevlet og lagar pepparkaker.


Ikkje mykje som minner om jul ute, inne derimot... ;)


Nye glasskuler i vindauga.


På juletreet heng ulik pynt, minne frå mange juler.
 Her i huset blir juletreet neppe pynta i berre gull og raudt eller kvitt og sølv nokon gong.


Den vakre papp-stallen eg arva etter mor er på plass.


 Her drøymde eg meg bort til Betlehem då eg var lita jente...


Betlehemstallen eg kjøpte då barna våre var små.


Ingen tvil om kven som fekk flest harde pakkar her i heimen i år :)



Mamma og tante følgjer spent med.


Farfar viser korleis bakdøra skal opnast.


Kjekt å feire jul saman med ein liten gledespreiar :)
"O, jul med din glede og barnlige lyst."

Framleis gode romjulsdagar til deg som kikkar innom sida mi :)

lørdag 14. desember 2013

Desemberdagar.

Det er smått med dagslys i desse dagar. 
Det er stort sett mørkt når eg går på jobb og mørkt når eg kjem heim.
Då er det lettare å gripe til strikketøyet enn kamera, 
men av og til blir det litt knipsing.
Alt til si tid.


På trappa står ein lyngkvast, elles er kviletid for det meste ute nå.


Fredag og natt til laurdag for ei veke sidan hadde me eit skikkeleg ruskever her, storm med orkan i kasta.
Ferjeneavgangane mellom Arsvågen og Mortavika var innstilt og brua over Boknasundet var stengt.
Løene våre fekk hard medfart så der trengs det reparasjon.


Legg merke til rekka med vogntog på Austrebokn.


Etter kvart som stormen roa seg kom snøen og la seg som eit teppe over gard og grend.



Små og store kosa seg ute i blåtimen.


Ikkje mykje som minna om stormdagen dagen før her...


Etter ei stund ute i snøen er det godt å gå inn i ei varm og god stove.


Dagen etter hadde me åtte plussgrader og regn. 
Litt melisdryss til jul hadde vore kjekt :)

God helg :)

Adventstid.

Her kjem nokre bilde eg eigentleg hadde tenkt å lage innlegg med første sundag i advent.
 Det blei ikkje då, men me er framleis inne i adventstida så det er vel ikkje uaktuelt ennå.
 Litt fleire lys som skal tennast einaste.


I fjor kjøpte eg nye papirstjerner til stova og kjøkkenet.



I den andre stova er dei gamle metallstjernene på plass.


Adventstaken har eg hatt fleire år. Kjekt å ta fram pynt eg har hatt år etter år.


Novemberkaktusane blømde akkurat då dei skulle i år :)
I fjor gløymde eg å sette dei bort så då fekk eg berre to blomar på den eine og ingen på den andre ;)



Adventskalenderen min som Hulda har laga :)


Sundag som kjem er me komne til det tredje lyset.


Første julekortet me fekk i år er frå Ask Leonard og familien hans. 
Mamma Monica har fotografert og laga koselege kort til familie og venner.


Herlige Ask Leonard er farmor sitt gull :)

God adventstid til deg som kikkar innom bloggen min :)