Dei siste dagane har me hatt strålande sol og sommarvarme her hos oss :)
Likevel, den klare blå fargen på himmel og sjø ber bod om at det går mot haust.
Dagleg ser eg plogar av grågjess på veg mot sør.
Sein frokost ute idag. Lett å finne kvilepulsen når utsikta er som dette.
Både sommarblomar og stauder har hatt godt av varme og godver.
Søyleblomst i lilla og kvit på kvar side av ein hortensia som er uten blomar i år.
Elles er det haustblømande stauder som er fargeklattane i hagen i desse dagar.
Løvemunn blømer på nytt etter at eg klipte dei tilbake etter at dei var avblømde tidlegare.
Astilbe 'Sprite' er på sitt vakraste akkurat nå.
Grunna den kalde vinteren og den seine våren har den største
hortensiabusken berre nokre ganske få blomar i år.
Ryllik i ulike fargar.
Kvitrognbæra er ikkje heilt kvite ennå, men vakre er dei likevel.
'Moje Hammerberg' blømer meir sparsomt enn tidlegare, nå er det nypene som pyntar opp.
Klematis, ny i fjor, blømer for første gong i år.
Klematis passar godt saman med klatrerose.
Godveret har gjort godt for rosene også :)
Kveldslys over same landskapet som morgonlyset på dei første bilda i dette innlegget.
Nå håpar eg sommaren varer, -lenge!
God veke til deg som kikkar innom bloggen min :)