onsdag 10. juli 2013

Høgsommar i heimdalhagen :)

Ein liten kveldstur i hagen :)


"Fager kveldsol smiler over heimen ned" :)


"Prestegårdsrose", 
Jomfruroser (Rosa x alba 'Maxima')
er godt i gong med bløminga.






Det største staudebedet mitt inneheld litt av kvart.


Mellom anna peoner.


Rosebedet begynner å få farge også.



Full flor i krukkene ved hagebenken.


Stjerneklokke 
Campanula poscharskyana
er vakker og den blømer lenge.


Nellik, denne trudde eg hadde frose bort i vinter, 
men så begynte det å kome grøne skot utfrå dei visne restene.


Stemor og "lykkekløver" Oxalis.


Eg har plassert georginene mine på terrassen, reknar med det er litt mindre sneglar her.




Nemesia og verbena.




Sjokoladekosmos.


Lavendel


Prydjordbær.


Hagen vår ligg i le for nordavinden så det har vore varmt og fint her trass i kuling frå nordvest :)
Eg og Ask har kosa oss ute heile dagen, litt jobb som plenslått, litt soling, og masse leik :)

tirsdag 9. juli 2013

Sommarselskap :)

Av og til er det kjekt å ta litt av hagen med inn og pynte, 
og så be gode venner til ein koseleg kveld.
Det gjorde eg nå på laurdag :)



Salat er god sommarmat og det drikk ein ikkje te med melk og sukker til 
så då passar det fint å fylle tekanne, sukkerskål og fløytemugge med blomar :)



Sommarbordet er dekka, det er klart for å tenne lysa og be gjestene velkomne til bords.


Roser og marikåpe i gammalt arvegods :)


Ei rose og ein iris i ei gammal osteklokke, 
det er ikkje så mykje som skal til for å få ein fin fargeklatt på bordet.


Frå kjøkkenet.


Herleg parfymelukt i stova frå prestegårdsrosa.



Stjerneskjerm er ei "oldemorstaude" eg aldri blir lei av.





Primula og scabiosa er vakre saman.



Takk for at de kom :)

søndag 7. juli 2013

Takløk i loddrett bergsprekk.

Eg har eit berg rett utanfor huset med smale sprekker i, nokre av dei loddrette.
Eg har ein gong før prøvd å putte jord og takløk inn i sprekkene med heller dårlig resultat. 
Ved første kraftige regnskyll låg det meste i ein liten haug ved foten av berget. 
Nå har eg testa ut noko nytt så vil tida vise om det var ein god idé.


Eg brukte; 
eit par nylon-knestrømper,
hyssing,
blomsterpinnar,
såjord og sand,
og sist men viktigast av alt takløk.


Først fylte eg såjord blanda med sand oppi sokken og knytte hyssing rundt 
slik at det blei mange små posar etter kvarandre.
Deretter trykte eg poserekka ini sprekka og festa dei med blomsterpinnar.


Så var det å få takløkane på plass.
 Nokre var det såpass stor rotklump på at dei hang godt fast av seg sjølv, 
medan andre måtte festast ekstra med blomsterpinnar.



Slik blei resultatet :)
Så vil det vise seg om dei røter så godt at eg med tid og stunder kan fjerne strømper og pinnar.
I den store sprekka nederst har eg planta sitrontimian.
Her hadde eg engnellik, men den fraus nesten heilt bort i vinter.
 Har flytta det vesle som var igjen.



Slik såg berget ut då eg var ferdig.


Nå er det frodig på terassen :)


Ei blometrapp har fått plass i hjørnet.




Utanfor døra :)