onsdag 12. desember 2012

Skjergard.

Øyar og skjer som siluettar mot solnedgangen ein ettermiddag i desember.



I mørkaste laget til å få skarpe bilde, men har lyst å dele likevel :)

tirsdag 11. desember 2012

Dagar kjem og dagar går...

Av ulike grunnar har ikkje bloggen blitt prioritert i det siste.
Overskotet er ikkje på topp for tida, 
men dagar kjem og dagar går...
Og vakre stunder finnst det mange av
om eg opnar sansane og tar imot.
Her eit lite knippe augneblink 
frå dei siste par månadane.

Oktobermorgon.

Haustdag med skarpe fargar og skarp luft.

Dagane er korte. Ettermiddagsola forgyllar skyene

i aust

og i sør.

Ettermiddag går over i kveld.

Grålysning i desember. Det er tid for å tenne lys inne.

Ny dag i emning.

Vinter på Heimdal.

God adventstid til deg som kikkar innom bloggen min :)

lørdag 24. november 2012

Framleis små lyspunkt.

Hagesesongen er over for i år. 
Det meste som veks er visna og brunt,
men nokre få pjuskete og regntunge roser 
lyser opp i det sola kikkar fram ei lita stund.



Ikkje evigvarande desse diamantane som glitrar i svake vintersolstråler, 
men vakre er dei uansett.


Kanskje det er ein ide å plukke dei siste knoppane av duftwolke inn,
er eg heldig så får eg ein eim av roser i stova om eitpar dagar :)

Så gjer eg som andre hageentusiastar, mimrar om sommaren som var 
og planlegg og ser fram mot den neste :)

God helg :)

søndag 18. november 2012

Tidlegare i haust.

Dagpåfugløye. Bildet er tatt ein soldag i september.


Denne på dei tre første bilda ber preg av at han har vore på vengene nokre ruskedagar også.

Denne derimot ser ut som om han kom ut av puppa for ein time sidan. Ikkje mange "riper i lakken" her :)

Humla suser i hagen frå tidleg vår til sein haust. Eg synest dei er skjønne som ørsmå teddybjørnar :)
Små hjelperar i hagen som me må prøve å ta vare på.


God søndag :)

lørdag 10. november 2012

Fager kveldsol smiler.

På heimtur frå Haugesund for nokre veker sidan blei eg møtt av dette vakre synet då eg kom til Ognøy.
Holmar og skjær ligg bada i kveldsol.

I sørvest ligg vestrebokn som ein siluett mellom himmel og hav, lett gjenkjenneleg på tv-masta på toppen.

Vender eg meg mot nordvest ser eg utover Ognahabn.

Fager kveldsol smiler

Fager kveldsol smiler
over heimen ned,
jord og himmel kviler
stilt i heilag fred.

Berre bekken brusar
frå det bratte fjell.
Høyr kor sterkt det susar
i den stille kveld.

Ingen kveld kan læra
bekken fred og ro,
inga klokke bera
honom kvilebod.

Så mitt hjarta stunder
bankande i barm,
til eg ein gong blundar
i Guds faderarm.


God helg :)

onsdag 7. november 2012

Super, duper bursdag :)

Greit å få litt hjelp til å pakke opp presangane :)
Fødselsdagsbarnet var litt "øvide" på at alle kom med pakkar til han. 
Det vanka både klede og sko i tillegg til duplo, andre byggeklossar og traktor med tilhengar.

Traktoren var utan tvil den kjekkaste presangen!

"Ka syns du tante. va an fine?"


"Hmm, kossen koble me på her da mon tru?"

Ein liten gutt kan bli litt sliten av å fylle året sitt :)

Då er det på tide med ein matpause igjen :)

Gode kaker!

Marsipanrosa skal me ta vare på ei stund til minne om ein kjempekoseleg dag :)


Veldig kjekk fødselsdag :)

lørdag 3. november 2012

Ein stor og ein liten jobbemann i aksjon :)

I morgon fyller Ask Leonard to år og festen skal vere her hos farmor og farfar :)
Når me ventar storinnrykk av feststemte gjester må me rydde fint til dei kjem, også ute sjølvsagt.
Så idag har Ask og farfar fjerna lauv utanfor døra og på terassen.

"Faffa, eg komme med kosten eg."

"Kom igjen faffa!"

"Oi, her va der masse rusk og rask."

" Eg ska hjelpa deg faffa!"

"Faffa sko henta någe han, men eg jobbe imens eg vente."

"Ka tre komme blokkene ifrå mon tru?"

"Famor sa det va kastanje-tre og hu vett det nok hu sikkert."

"Sjå ka faffa henta te meg! Ein liten Ask Leonard- kost som passe akkurat te meg!"

"Eg å faffa e goe te jobba altså!"

"Kom igjen faffa, me har masse å kosta!"







 "Nå må me få det i traktorskoffå å kjøra det te sjøen."

Farmor har "kosta" litt inne så nå er me klar for den store dagen i morgon!
Velkommen til gards til gjestene :)