lørdag 27. oktober 2012

Kontrastar i lys og landskap.

Frå mjukaste mjuke august til skarp og glassklar oktober...

Augustkveld, landskapet har fått penselstrøk av dei varme gyldne fargane på paletten. 

Innimellom alle dei grå haustdagane kjem ein og annan av desse glassklare, mørkeblå soldagane
slik oktober kan vere på sitt aller vakraste.

Seint i oktober, første snøen falt i går og smelta bort igjen i dag. 
Rosehekken har fått ei gul haustkåpe på. 
Små kvite godver-skyer dansar lett over himmelen,
 og kald vind frå nord ber bod om at vinteren er på veg.

torsdag 25. oktober 2012

Blott til lyst :)

Eg har leika meg litt med photoscape og blomar i kveld :)








Hustrig og blåsande haustkveld ute,
men her på bloggen er det framleis sommar :)
Ha ein fin kveld :)

lørdag 20. oktober 2012

Solblank søndag.

I dag det regn og grått utanfor vindauga mitt, 
då er det kjekt å sitte ved dataen og finne fram bilde frå sist søndag 
då himmelen var knallblå og sola skein.

Her kan du få bli med meg på tur om du har lyst :)

Haust i heimdalhagen.


Koselig gardstun i nabolaget mitt.

Ungdyra nyt haustsola der dei ligg mjukt og godt midt i matfatet.

På veg "ut i naturen".

Rust passar perfekt inn i fargespelet i naturen.

Opp bakkar


og ned bakkar.

Inn i skogen

og ut i opnare lende.

Strimer av sollys i haustgult gras.

Låg sol og lange skuggar.

Bartre og lauvtre i "skjønn forening".

Lillafargen på røsslyngen er borte for i år.

Varme gyldne fargar fyller sinnet med ro.

Ut mot lyset og over på asfalt siste stykke
før eg er heime igjen.

Sånn var det då, idag er alt hylla inn i eit tungt grått skydekke
og Ask står ved vindauga og seier ; egn, egn, vann, vann...

Marie og Ask seier
god helg :)

mandag 15. oktober 2012

Kalender 2013

Her kjem ein presentasjon av kalenderen eg har laga for neste år.

Framsida viser regnbogen som peikar ut at "gullgryta" ligg under Gullhaug på garden vår :)

Kalenderen startar med desember 2012. Dagen gryr ein kald desembermorgon.

Januar, låg vintersol saman med mjuk skodde gjev ein trollsk stemning.

Februar, ein blank og vakker vinterdag.

Mars, nabolaget mitt med Heimdal til høgre.

April, svanepar utanfor støa.

Mai, vår i heimdalhagen.

Juni, hagesesongen er skikkeleg igong.

Juli, utsikt frå stoveglaset.

August, ein liten feriegjest på besøk.

September, eit lite pust av haust.

Oktober, glassklart og kjølig.

November, vakker regnboge på ein elles grå dag.

Ta kontakt om du har lyst på kalender :)

torsdag 27. september 2012

Langs E 134 frå Seljord til Åkrafjorden.

Det har blitt lite blogging med meg i det siste, 
eg har hatt andre prioriteringar som har vore viktigare for meg.
Litt fotografering har det blitt innimellom, og bilda ligg arkiverte og klare til bruk.
Idag viser eg bilde tatt på heimtur frå seljordsmarknaden tidlegare denne månaden.


I Sauherad er kornet hausta inn, berre nokre halmballar ligg spreidd utover dei gyldne bakkane.




Vegen svingar seg langs vakre vassdrag. 



Bildet over og under er frå same plass, eg har leika meg litt med lyset.




I fjellet har haustfargane sett preg på vegetasjonen.





Langfoss heng kvit som eit brureslør ned fjellsida og endar opp i Åkrafjorden i Etne kommune. 
Langfoss er ein av dei flottaste fossane i landet vårt var ekstra stor etter alt regnet i det siste.


Her i låglandet var landskapet framleis grønt og frodig.
Regn i lufta og eit tungt skydekke, men likevel vakkert.


Mellom bakkar og furete, værbitte berg har nordmannen busett seg, 
nokre i fjellbygdene andre ved fjorden.

God helg :)