søndag 14. august 2011

Hyggeleg besøk :)

Fredag hadde eg besøk av to hyggelege bloggdamer og venninner. 
"Gamleheksa" hadde tatt turen frå Toten til Karmøy noko som gav høve til eit aldri så lite "bloggtreff". 
Ho og BeritT tok turen til Bokn der eg venta på damene. Så bar det ut på fototur i strålande solskin! 
Kjekt å vere ilag med folk som er like hekta på naturfotografering som meg :) 
Eg vil vise eindel bilde frå dagen vår saman delt på fleire innlegg.
Første stopp på turen var eit lite skogholt med edellauvskog ved eit av Bokn sine mange vatn.
Høge tre med store, vide kruner som silte solskinet gjennom greinene.

Her var det fredfullt og vakkert å rusle.


Det var ikkje berre trea som var store her, det var også denne maurtua! 
Mange av eiketrea her er nok svært gamle. Rart å tenke på at dei har stått her i generasjonar.
Nede ved vatnet sette me oss ei stund og tok inn sommaren i fulle drag.
Utsikta over Gunnarstadvatnet under eit slør av bjørkelauv ein seinsommardag 
saman med gode venner kjem eg til å hugse lenge.
Fleire innlegg følgjer...

torsdag 11. august 2011

Hageglede.

Huset er litt halvferdig ennå, men i dag har eg fått på plass litt krukker med blomar langs to av veggene.
Det blei straks meir koseleg synest eg sjølv om vindaugene manglar både gardiner og blomar i karmane.
Kjekt å få stolar og bord på plass i kosekroken igjen :)

Blomar gjev liv.
Elles er det frodig i beda rundt om, både blomane og ugraset stortrivst :)
I morgon får eg besøk av BeritT frå Karmøy og Gamleheksa frå Toten. 
Me skal ut på fototur og kose oss saman :) 
Velkommen til damene :)
Gler meg :)

mandag 8. august 2011

Frøken Rose 2011

Så er Anne på Moseplassen  igong med konkurranse igjen :) Eg hiv meg på som vanleg :)
 Denne gongen er det Frøken rose 2011 som skal kårast.
Mi frøken har eg hatt i bildearkivet ei stund og har hatt henne på bloggen før, men ikkje i nokon konkurranse. Dette bildet betyr veldig mykje for meg fordi det er tatt gravferdsdagen til mor.
Denne frøkena vil eg presentere som  Frøken Vinterkyss.
Frøken Vinterkyss symboliserer varme og gode minne.


Klikk på "bildeknappen" over her og sjå alle dei flotte kandidatane :)
Stem på det du likar best eller delta om du har lyst :)

fredag 5. august 2011

Hus og hage.

Etter nokre fine, varme sommardagar har det i dag regna og vore grått heile dagen. Det går framover med huset vårt. Nå er det ein og einhalv vegg igjen utvendig før snekkerane tar fatt på det som er igjen innvendig. Medan snekkerane har ferie har malerane mala det som er ferdig.
Det er ei stund ennå til me kan flytte inn i denne delen av huset, men "den som ventar på noko godt..."
Trass i ein våt og kjøleg sommar blømer det ganske frodig rundtom i hagen. Eg har iallefall sluppe å bruke kveldane til å vatne i år.



Rosene som endeleg hadde fått litt fint ver dei siste dagane er regnvåte igjen.
Astilber ved slipesteinen.
Prydsvinerot og roser står ved porten der det går ein hellegang på vegen mot det gamle fjøset.
Bildet under er tatt frå inngangsdøra. På andre sida av plasen framfor døra er det berg og oppmura "borg" der det veks massevis av vill vivendel. Kjem ein ruslande heim ein sein sommarkveld blir ein møtt med ei søt herleg lukt av Heimdal :)

                                                              GJENNOM HAVEN
Det er deilig lys sommernatt.
Blomsterduft og stjerner alle vegne...
Der pusler et vindpust i et rosenkratt.
Allting er idel sommernatt.
Sommernatt.
Herman Vildenvey  
                                                   

fredag 29. juli 2011

Takløken blømer.

Takløk står spreidd omkring i hagen min der det er tørt nok til at han kan trivast.
Dei er vakre når dei står i små rosettar og enda vakrare når dei blømer.

Her pyntar dei opp ved trerota eg har i hagen.
Det har vore ein litt amputert hagesommar hos meg i år sidan eg ikkje har kunna hatt blomar i krukker rundt huset. Nå er endeleg nokre krukker kome på plass på sørsida på huset etter at snekkerar og malerar er ferdige på den sida av huset. Kjekt å få litt blomar rundt dørene også :)

God helg :)

onsdag 27. juli 2011

Rundtur på Bokn saman med Ruth Bernssen Bø

Ruth Bernssen Bø med bloggen Solsikken har laga mange flotte innlegg  over temaet 
Ho har også vore her på Bokn på fototur. Eg fekk vere med som kjentmann. Kjekt å gå tur saman med ei som er like hekta på fotografering og natur som meg :) Det er nokre veker sidan, men av ulike grunnar har eg ikkje lagt ut bilda før nå. Bilda til Ruth finn du her og her. Kikk innom henne og sjå hennar bilde også :)
Vakre blomar må eg alltid ha med :)
Første stopp var ved  Vatnalandsvatnet. Det blæs ganske friskt, men sola skein så det var fint likevel.


 Idyllisk plass å bu.
Ein flokk skotsk- høglandsfe gjekk fredeleg og beitte.

Skjønn lita "bamsejente" :)

Dei neste fire bilda er frå Straumen, idyllisk plass dette også.
Her er det mange som har sommarparadisa sine.


I eit lite vatn i Jøsen hadde eit svanepar funne sitt sommarparadis (under).

Ein gråstein treng slett ikkje å vere berre grå.
Her fann me også denne vakre villrosebusken.

Ved Gunnarstad står det ein allé av høge flotte tre, mange av dei eik som må vere veldig gamle. 
Her er det fint å gå same kva årstid me har.





Gunnarstadlia ligg ved Gunnarstadvatnet. Dette er ein av dei finaste plassane på Bokn synest eg.
Takk for besøket og turen Ruth :)
Velkommen tilbake :)
Eg håpar å ta turen til deg også snart :)