onsdag 25. august 2010

Ein smak av haust.

Mandag hadde me sol og sommar her hos oss, men i går kom hausten. Det har bokstaveleg tala "bøtta" ned dei siste to dagane.
Dekkstolen står tom og blomane heng med hovuda tunge av regn. Breiskolm har vakse seg stor og kraftig og står no i full blom. Staudene i bedet på bildet under er nye i år, her har eg hatt sommarblomar dei siste åra. I denne stauderabatten er det meste avblømd, men litt held stand. Gjerdesolhatt lyser vakkert opp på ein regnfull kveld. To av dei nye staudene er akssøyleblom i kvitt og rosa. Stjerneklokke heng over kanten på sykkelkorga. Der bløminga er over for i år kan bladverket pynte opp når form og farge passar saman. Akeleieblada har fått haustfarge og blir ekstra fin med regndråpar på.

tirsdag 24. august 2010

Små fargeklattar :)

I dag har himmelen sine sluser vore opne heile dagen og det er mildt sagt vått ute...
Kva kan då passe betre enn små lyspunkt og fargeklatter som dette?
Nå ventar godestolen og strikketøyet på meg :) Ha ein fin kveld du også :)

søndag 22. august 2010

Kyss meg over gjerdet :)

Eller rettare sagt; Rudbeckia laciniata gjerdesolhatt.

lørdag 21. august 2010

Mor sin favorittfugl :)

Ho er ikkje reist mot sør ennå linerla, denne trippa rundt og leita etter insekt i ein liten vasspytt medan ho vippa med stjerten :)
Linerla var mor sin favorittfugl. Visst var det kjekt då ho høyrde vipa for første gong på seinvinteren og også då tjeldeflokkar kom med sine trillande tirader i grålysinga ein morgon tidleg om våren, men det var først då den første linerla trippa uti gardsrommet og vinka til henne med vippestjerten at våren verkeleg verkeleg var i emning!
GOD HELG :)

torsdag 19. august 2010

Ved eit lite vatn.

Eg hugsar ei setning frå ei bok me hadde i barndomsheimen min; "det er ikkje mykje som er meir roande enn vatn". Og det er verkeleg sant. Enten ein uner seg eit deilig karbad med velluktande badeoljer eller ein sit og filosoferer litt ved ei tjørn eller eit blikkstille vatn kan akslene seinkast eitpar hakk og roa kan breie seg i ein sliten kropp.

GLAD DAG

Å gå langs bredden av et vann
og brått se vannets våte ansikt glitre
for første gang i speilet, nyfødt, åpent
med himmelen i huden og det mørke dypet
som et slep av utslått hår.

Å ta på furutreets sprukne bark forsiktig
og sakte tyde med den blindes kloke fingre
de knudrete hieroglyfene, lese
stammen for første gang og føle
stor ømhet for et helt tilfeldig tre.

Å kjenne det rå, ubebodde huset inni seg få besøk
etter en lang, kald vinter.
Høre vinduer bli åpnet, rom luftet
og liv på liv trukket opp, så latteren
står rett i taket.

Falkeid, Kolbjørn: Samlede dikt

Eg ser at eg vinn ikkje på å legge igjen kommentarar hos dykk alle like ofte som de legg igjen spor hos meg, men sånn er det berre...
Ønskjer deg fine og gode seinsommardagar :)

onsdag 18. august 2010

I full flor :)

Eg lar bilda tale for seg sjølv i dag :) NYT!

mandag 16. august 2010

Glimt frå augusthagen.

Her kjem små glimt frå dei delane av hagen som er finaste i desse dagar :)
Minner om "frk rose"-konkurransen på bloggen Moseplassen. Klikk deg inn og sjå alle dei skjønne kandidatane og stem på dei du synest er finast :)