onsdag 16. juni 2010

Godt vennskap.

I ein heller hektisk og travel kvardag er det lett å nedprioritere tid saman med gode venner. I går hadde eg fødselsdag og om kvelden var me samla ein liten gjeng her hos meg. Menyen var enkel; suppe til forrett, ein tallerk til til hovedrett, (hehe) og kaffi og kake til dessert :) Og at vennenne mine kjenner meg godt viser igjen på gåvene dei hadde med :)
Nydeleg kort frå ei barndoms-bestevenninne. Blå blomar og blenkande cellofan, kan det bli betre? Kvitt og rosa er også nydeleg saman og alt treng jo ikkje vere blått, hehe. Telysestakar (med blå kant, overraska?), er dei ikkje fine? Litt smårøft sjal/skjerf , blått sjølvsagt! Midt i blinken :) At eg likar smykke og "dilldall" er også kjent for dei fleste. Nokre rynkeroser frå hagen pynta opp på bordet, men den verkelege pynten i stova var flotte jenter i sin beste alder! Takk for at de ville kome og dele kvelden saman med meg :)
~Eit vennskap kan tåle det meste og trivast i skrinn jord,
men treng litt gjødning frå brev og telefonsamtalar,
og små, tåpelege presangar innimellom -
berre for å forhindre det frå å døy heilt ut.~
Pam Brown

søndag 13. juni 2010

Det er sommar, det er sol og det er søndag :)

Den som kunne slappe av på same måten som denne karen :) Ikkje mange "dead lines" der i garden nei, hehe. Me desse bilda vil eg minne mine medsystre og meg sjølv om at me må hugse å nyte søndagen, sommaren og livet!
Lukk augo og kvil hovudet ei lita stund. Strekk deg ut og slapp heilt av nokre minutt. Klø deg litt på haka. Strekk ut stive nakkemusklar. Pust ut! Tusen takk for alle lukkeønskingar på "Farmor in spe"-innlegget mitt :)
Nå har eg det ikkje fullt så avslappande som Balder om dagane så det går nok nokre dagar før eg får tid til å kikke innom hos alle som har kommentert.
Ønskjer alle ei fin juniveke :)))

Frøken stemor 2010

La meg presentere vesle frøken Smiley Klovnefjes. Frøkena er "litt utav fokus", men kven blir ikkje det når ein plutseleg bli tatt kvelartak på for å visast for "all verda"?
Ta ein tur innom hos Moseplassen for å delta eller stemme på ein av dei flotte kandidatane :)
Vil du vere med må du presentere din kandidat innan den 14. juni. Stemme kan du gjere frå den 16.

fredag 11. juni 2010

Farmor in spe :)

For ei tid sida fekk eg ein gladnyheit frå sonen vår og sambuaren hans :) Me skal bli besteforeldre :) Ein liten gut er på veg.
Farmor sitt første bidrag blir å strikke ein lun og god kosedress. Eg falt for dette mønsteret og gjorde det om til gutedress ved å byte litt på farge og knappar. Om dressen blir slik eg har tenkt blir han nok vist på bloggen, kanskje med ein liten pjokk inni :)
~~~~~~
Jovisst er du liten i verden så stor.
Men endog for noen - det største på jord!
~~~~~~
Lukke til til Øystein og Monica :)

torsdag 10. juni 2010

Sky Watch Friday

This is the view from my garden today :) Visit Sky Watch Friday for more Sky Watch photos :)

onsdag 9. juni 2010

Klokkeblåstjerne.

Klokkeblåstjerne er ein veldig veksevillig løkblome. Vakker ja, men når dei "poppar opp" overalt i hagen kan det av og til bli litt for mykje av det gode :)
Klokkeblåstjerne finnst i kvitt, rosa og lilla, men den dominerande fargen er blå. Under nokre tre litt utanfor hagen får dei spreie seg som dei vil :) Ein treng ikkje ha grøne fingrar for å få til desse!

mandag 7. juni 2010

Vakre villapal-blomar :)

Me har to veldig gamle villaplar på garden, eit med rosa blomar og eit med kvite. Skulle verkeleg ønskje at desse trea stod midt i hagen :)

søndag 6. juni 2010

Alpeklematis, igjen.

Synest denne er så fin om dagen at eg har lyst å vise litt fleire bilde. Desse er tatt med Fujifilm-kamera og det viser fargane litt for blå, så dei bilda eg hadde på eit innlegg tidlegare (tatt med Canon 450D) stemmer nok betre overeins med verkelegheita.
Eg har pådrege meg ein skikkeleg sommarforkjølelse og hostar og hostar og hostar... Men, det gjev seg sikkert snart slik at eg kan nyte sola og finveret :)
Ha ein strålande vekestart :)