I helga var eg og mannen min på tur til Seljord på marknad. Me hadde reisefylgje og låg på same hotellet som halve nabolaget heime. Masse å sjå og hyggeleg samvær. Eg har kalla innlegget hummar og kanari, dette er vel kanskje litt feil for hummar og kanari var vel bortimot det einaste som ikkje var å få kjøpt på marknaden. Ikkje alt var tilsalgs. Desse dyra på dei første bilda var der for at folk skulle få sjå og klappe på dei. Denne vesle skjønne kalven hadde mammaen med seg.
Denne kraftkaren tok alt oppstyret rundt seg med stor ro.
Flinke saueklypperar brukar ikkje lange tida på å frisere ein sau.
Barn og dyr er ein fin kombinasjon.
Lama er ikkje av dei vanlegaste husdyra i Norge ennå.
Denne luringen har nok sett betre dagar, men han var nå litt tøff da.
Det som var det aller flottaste på heile marknaden var avdelingen med brukskunst. Her var det fantastisk mykje fint å sjå. Dei som selde bunader reklamerte for varene på ein framifrå måte.
Flotte festdraktar.
Ei flott samling med rosemala fat.
Dette fatet var det aller vakraste, iallefall i mine auge.
Brudekjole i ei moderne utgåve, raud kjole og "blomestrødd"(brodert) slør.
Kjolen var stileg, men strikkasokkar i tjukk tova ull var spesielt.
Her er ein vakker dåpskjole omsydd av ein selskapskjole.
Lua er ei prinsesse verdig!
Elles var det flotte keramikkarbeid, glaskunst, smykkekunst mm. Ute var det boder med "tusen ting" og annakvar bod selde spekepølser. Utanfor sjølve marknadsplassen var det også masse boder, her var det spesielt mange som selde antikk og brukt. Eg tok ikkje så mange bilde frå sjølve marknaden, men eg kjem til å lage fotostory over heimturen som gjekk over Haukelifjell pynta i vakker haustdrakt.