Og yndig står for yndige fuksia.
fredag 21. august 2009
onsdag 19. august 2009
Hortensia, høgblad og blom.
Hortensiaen min har store lilla blomeklasar, men det er ikkje blomane som er lilla, det er høgblada.
I ettermiddag har me hatt 19 grader, ein liten smak av sommar :)
tirsdag 18. august 2009
Ny macrolinse.
Endeleg har eg kjøpt meg macrolinse! Sigma 50mm 1:2,8 DG MACRO. Denne linsa skulle vere god for nybegynnerar fordi ho var lyssterk og lukkartida dermed blei kort. Eg vore ute og testa henne for første gong.
Har du tid og lyst til å vere med på bloggtreff er siste frist for påmelding 10 september sidan me skal bestille bord I skudeneshavn.
Nyt augustdagane, der er framleis sommar! Iallefall på kalenderen :)
søndag 16. august 2009
Bloggtreff i Skudeneshavn 19. september.
Hei, hei alle bloggvenner :)
Har du lyst å vere med på bloggtreff? Eg og BeritT vil helga 18-20 september ha besøk av bloggdamer til ei koseleg helg. Kjekt å bli nærare kjent med folk me kjenner her frå bloggverda.
I denne samanheng vil me laurdag 19. september ta turen til Skudeneshavn, "sørlandsperla" på Karmøy. Der møtest me på ferjekaien kl 12. Me ruslar litt rundt før me et fiskesuppe på Smio bistro og pianobar. Der kan me få plass til 28 stk i andre etasje dekka slik at me blir samla og kan snakke saman utan å bli forstyrra frå andre. ( Me betaler kvar for oss.)
Kanskje har akkurat du som er innom bloggen min og les dette lyst til å vere saman med oss. Det hadde vore kjekt om me kunne fylle opp dei 28 plassane på Smio bistro. Om det passar så meld deg på til Marie, marie-el@online.no eller til Berit (ho lagar innlegg om treffet ho også). Om det er nokon som har lyst å vere saman med oss heile helga så ta kontakt då også. Me kan ikkje love fleire enn dei me har sengeplass til, men det er ikkje fullt i alle sengene heilt ennå :)
Eg var på bloggtreff hos Ida ifjor og var saman med herlege damer der ei helg. Den helga ber eg i hjarta mitt ennå. Eg var veldig spent i utgangspunktet, tenk om eg ikkje passa inn. Tenk om dei andre var vellukka overskotsmenneske på alle måtar. Eg blei møtt av vakre menneske, gjestfridom, gode klemmar, varme hjarte, gode samtalar og levde liv. Eg vågar å seie at eg har fått venner for livet og ikkje minst eg er blitt venn også. Det gjer godt å kjenne seg inkludert og verdsett.
Klikk på bilde og få med deg teksten, hehe.(Så får me berre inderleg håpe at vertskapet ikkje blir utslått av influensa akkurat den helga.) Velkommen skal du vere :)
lørdag 15. august 2009
Innom Hardangervidda natursenter.
Skulle tru eg hadde vore på tur i vekevis, no har eg brukt ei- og eihalv veke på bloggen på ein firedagars tur. Sånn er det når eg har så lyst å vise fram så mange bilde av denne vakre biten av landet vårt og når minnekortet er proppa med bilde gjer ikkje det saka lettare. Eg likar også å dele bilda opp i tema slik at ikkje alt kjem som "eit sopihop". No kan eg trøysta deg som er innom med at dette er siste innlegget frå turen!
Hardangervidda Natursenter Eidfjord er eit moderne og spanande natur og kulturhistorisk opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø. I vakker vestlandsnatur, ved foten av Vøringsfossen og oppstiginga til Måbødalen, finn du opplevingssenteret med sin spennande landskapstilpassa arkitektur. Hardangervidda Natursenter Eidfjord har som føremål å samle og spreie kunnskap om samspelet i naturen, og relasjonane mellom natur og menneskleg verksemd. Vår oppgave er å skape eit nært møte mellom det moderne mennesket og naturen.
HNE er ei oppleving for heile famililen, med levande utstillingar på 2200 kvm, aktiv medverknad og visuell formidling. I dag framstår senteret med moderne og banebrytande formidlingsteknologi. Supervideografen er ein moderne panoramakino produsert av Ivo Caprino. Her får du delta på ei reise der fjord, fjell og foss er hovudtema. Senteret har kafè/restaurant, souvenirbutikk og turistinformasjon.
Håpar likevel at du kikkar innom i morgon, søndag, då vil eg informere om bloggtreff.
Ha ein god dag og kveld :)
fredag 14. august 2009
Hardangervidda
Frå aust til vest over Hardangervidda. Sjå kart HER.
Hardangervidda er den største høgfjellssletta i Nord-Europa. Landskapet på Hardangervidda er svært variert. I aust er landskapet prega av opne og flate vidder, meda det i vest og sør er høge fjellryggar som stig opp mot 1700 meter over havet. Lengst vest stuper terrenget mot Sørfjorden. Det første bildet er tatt med det same me kom opp på vidda. Her ligg eit vatn som er ganske mykje uttappa. Hundrevis av små vardar var lødde opp ved vatnet, ein siganatur frå dei mange som stoppa her. Flott synest eg, det passar iallefall her som menneske har gripe inn i naturen frå før.
torsdag 13. august 2009
Heibergske samlingar i Kaupanger.
Museumsbesøk høyrer ofte til ein vellukka ferie, hehe. Fin natur er flott, men litt kultur og "mottamjøl" høyrer med. No er det vel kanskje årsaken til at dette gamle er så fint er at det ikkje er mott i det. Me var innom dei Heibergske samlingar i Kaupanger. Her var det masse å sjå og me kunne brukt heile dagen der om me skulle fått med alt. Her er det mellom anna samla masse hus frå ulike tidsepokar frå mellomalderen og fram til idag. Eg tidfestar ikkje noko her, men bilda ligg i kronologisk rekkefølge og du kan lese meir om samlinga her.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
