Ingen roser utan torner heiter det. Og det kan alle som skjer ned rosetrea om våren skrive under på. Kvasse er dei, men dei kan også vere vakre!
Fleire t-innlegg på ABC-bloggen til Petunia.
Fleire t-innlegg på ABC-bloggen til Petunia.
Bruda var kledd i ein enkel, men vakker kjole med slep. Brudgommen var skikkeleg stileg han også. Hjarte og fargen lilla var tema for festen. Brudebuketten var hjarteforma, blomane kvite og lilla.
Brudgommen jobbar mellom anna som lysriggar og det bar festlokale preg av. Her var det lagt ned mange timar før festen og lyseffekten var heilt fantastisk!
Eg tok nokre bilde utan blitz for at det lilla lyset skulle kome til sin rett.
Brudebuketten, over og under.
Lilla lys i hjarteforma lyshalderar.
Mellom mange flotte og dyre gåver stod denne gåva frå mormor. Sølvteskeier som ho sjølv hadde fått til konfirmasjonen. Mormor sin konfirmasjonsdato er inngravert på kvar skei. Tippar at dette er gåva som varma mest.
Tid for brudevals.
Tid for kaffe og deilege kaker.
Litt av utvalet.
Eg ønskjer brud og brudgom lukke til med livet saman :)
Først såg eg berre ein unge, men så kikka ein til fram. Det var sikkert fleire ungar i reiret også, det var ikkje så lett å sjå. Bilda er ikkje så gode, eg måtte både zoome og beskjære kraftig.
Gå til ABC-bloggen til Petunia for fleire innlegg.