Søndag var me på fotosafari på Sotra. Då me var ute og gjekk i mørke fredagskvelden kunne me ikkje begripe kva slag fugl det var som sat i mørke i ein hage me gjekk forbi.
torsdag 18. september 2008
Fotosafari på Sotra.
Søndag var me på fotosafari på Sotra. Då me var ute og gjekk i mørke fredagskvelden kunne me ikkje begripe kva slag fugl det var som sat i mørke i ein hage me gjekk forbi.
onsdag 17. september 2008
Ein gammal vakker hage.
Det er vakkert i gamle hagar. Sjølv om det er litt overgrodd har desse hagane ein eigen sjarm. I helga var eg inne i ein slik hage med "sjel". Høge tre gjev skugge og gjer hagen litt løyndomsfull. Det er mange spor etter dei som eingong levde her.
Bak plommetreet står ein gammal utedo.
Det er som om eg høyrer skrammel med gryter og kar. Mange måltid har nok vore laga på denne enkle komfyren.
Rogna raudnar i toppen og vitnar om at det haustar.
Glassklar, blå septemberhimmel.
tirsdag 16. september 2008
Det glade Bergen.
Lørdag kosa bloggdamene seg på bytur. Strålande sol og sommartemperatur sette ekstra spiss på byturen.
"The rusty girls" testar det siste nye på hagemøbelfronten. Denne dukkar nok opp på diverse hagebloggar etterkvart tenker eg :)
Abonner på:
Innlegg (Atom)
