Rudbeckia laciniata-Gjerdesolhatt-"Kyss meg over gjerdet."
søndag 17. august 2008
"Kiss-Me-Over-the-Garden-Gate."
Rudbeckia laciniata-Gjerdesolhatt-"Kyss meg over gjerdet."
lørdag 16. august 2008
A little miracle. / Eit lite mirakel.
Our cows are calving these days and I have been a midwife today. Here is a presentation of the mother and her little child. / No er kalvinga i full gong på Heimdal. I dag har eg vore jordmor og no skal du få vere med på kalvefødsel. På første bilde har ei lita kosse nettopp sett dagens lys. Klokka er 11.54.
"Velkommen til verda!"
Nokre av dei andre kyrne kjem for å helse på nykommaren.
Fire minutt gammal er vesla oppe på kne.
fredag 15. august 2008
Amazing Friendship!
Eg har fått ein ny award frå Lille meg, Ida og Petunia. Det er blitt eindel awardar etterkvart, dei sviv omkring frå blogg til blogg som vakre sommarfuglar. Likevel gjer det godt når nokon vil dele dei med meg. Det er så viktig for oss menneske å bli sett og sette pris på av andre. Det unike med denne awarden er at han ikkje er knytt til prestasjonar, men til vennskap. Eg har tenkt litt dei siste dagane om korleis eg skulle dele denne vidare. Eg har no blogga litt over eit år, eg har på denne tida hatt nesten 30 tusen besøk på bloggen min! Eg har fått mengder av koselege og positive kommentarar. Nokre har kome tittare enn andre og nokre har blitt nære venner. Eg skal til Sotra i september og møte fleire av dei, noko eg gler meg veldig til. Eg har delt fleire awardar vidare før til dei næraste bloggvennene mine. Denne gongen har eg sett litt på kven som er ivrigaste til å kommentere hos meg. Eg kom opp med mange namn som kjem igjen og igjen og som i tillegg legg igjen spor etter seg med kommentarar. Eg kan nok ikkje kalle alle nære venner, men dei gjev meg glede i kvardagen min. Er det nokon som er innom ofte og skriv litt hos meg som eg har gløymt, så ta awarden til deg! Då gjeld han deg også! Så til deg som ikkje har blogg sjølv og kanskje ikkje kjenner dei ulike bloggane frå før; ta ein kikk innom kvar enkelt og kos deg! Eg har laga lenke til alle, det er berre å klikke på namnet.
Håpar at de held fram med å kikke innom hagen min eller tar ein tur med meg :)
Til sist vil eg dele dette vakre dette vakre diktet av Bente Bratlund.
Ida's Little Corner Of The World,
Yesterday today and tomorrow in my garden,
Bestemors hus(lukka blogg),
Når ei solstråle ligg att og brenn i oss.
Når ein heilt vanleg gråversdag har stjerner over seg.
Når nokon har sett at vi er til.
Kanskje var det berre i forbifarten.
I travelheten.
Eit uventa smil, ein open varme.
Kanskje var det ein omfamnelse,
kanskje berre eit sekunds stogg.
Nokon som hugsa noko godt, og takka.
Nokon som rørte ved oss, kanskje ubevisst.
Vi kjende oss famna inn,
kjende oss overdryssa av varme.
Våga sleppa gleda eit ørlite steg lenger fram.
Våga kanskje sjølv dryssa stjerner,
dela ut varme, gje smil, røra ved...
Måtte vi nøra elden i kvarandre!
søndag 10. august 2008
Nostalgie er favorittrosa mi!
Her er min kandidat til "vakraste rose" konkurransen. Nostalgie er vakker frisk og frodig med mørkegrønt, blankt lauvverk. Ho remonterer til frosten kjem. I fjor tok eg inn siste rosa 31. desember! Nostalgie er rosa/raud med kremfarga sentrum. Rosene er nokså ulike i forma. I overskya ver ser dei nesten rosa ut, i solskin blir dei meir varme i fargen.
Vil du vere med på konkurransen eller vere med å stemme kan du gjere det på Moseplassen.
lørdag 9. august 2008
Three small bags of seeds. / Tre små frøposar.
This spring I got some seeds from Ida. Here is the result! Thank you very much Ida! / I vår dukka det uventa opp ein konvolutt med tre små frøposar i postkassen. Det var Ida som ville ønskje meg ein fin vår med ei lita gåve. Eg fekk lyst å dele resultatet av frøposane med lesarane av bloggen min. Tusen takk kjære Ida! Eg tenker på deg kvar dag når eg kjem ut i hagen og ser dei vakre blomane og kjenner den herlege lukta av erteblommar!
torsdag 7. august 2008
Sky Watch Friday.
Abonner på:
Innlegg (Atom)




