torsdag 25. oktober 2007
Oktoberdagar
Tida har vengene sine på ryggen. Først når ho er floge forbi ser ein henne.
Henrik Wergeland
___________________________________________________
Dette er det me såg av sola ein dag tidlegare i oktober.
Ein bleik måne steig på himmelen om kvelden.
Neste morgon.
Om kvelden den 23. oktober. (dei tre neste bileta)
Litt seinare på veg til fjøset. Me mjølka seint fordi me hadde tatt inn ungdyra.
På veg inn frå fjøset. Månen skin mellom greinene på trea og skapar ei trolsk stemning.
Dei tre siste bileta er tatt i dagmorges.
Dagen i dag er ein merkelig dag. Han er din. Dagen i går sleppte deg ut av hendene sine, og dagen i morgon har du ikkje noko løfte på. Men dagen i dag har du, og du kan fylle han med kva du vil, så derfor nytta deg av det.
I dag kan du glede og hjelpe ein medvandrar, i dag kan du leve slik at nokon i kveld takkar Gud for at du er til. Dagen i dag er full av mogligheiter -og denne dagen er din! Ukjent
Etiketter:
Dikt og visdom/Poems and wisdom,
Himmel / Sky,
Sky Watch Friday
onsdag 24. oktober 2007
I hus for vinteren. / In for the winter.
I dag har me fått ungdyra i hus for vinteren. Dei har gått i grøne enger sidan i mai, men nå er det inn i fjøset igjen. Godt å vere under tak og ha det godt og varmt når hauststormane set inn. Det er ei god kjensle når alle er i hus. Ein god nabo og ein kamerat av mannen min hjelpte til. Sjølv om eg er betre i skuldra som slo meg ut i går var det godt å sleppe å vere med på dette tunge arbeidet. Det blei sein mjølking i kveld. / Today we have taken the heifers in for the winter, so now all the cattle are in the cowshed.
Denne vesla blei født i går morgon. Ei nydeleg lita kosse. / This little calf was born yesterday morning.
Det er viktig med menneskeleg kontakt slik at dei blir tamme og trygge.
Kalvane ventar på mjølkebøttene sine, dei forstår ikkje kvifor det blei så seint i kveld.
Etter at eg har vaska mjølkeutstyr tar eg ein liten runde i fjøset.
Både små og store har gått til ro for kvelden.
Balder veit om dei mjukaste sengene og beste plassane. / Balder has found a nice place to sleep.
Mamma sin litle gullgutt! Er han ikkje fin? / Is'nt he beautiful?
Det skal bli godt å komme inn for meg og. / My living room window.
Kveldsmat; grovbrød med kvitost og druer og smoothie av jordbær, banan og melk. / My evening meel.
Takk for alle kommentarar på sist innlegg. Takk for omtanke for meg då eg ikkje var god. Eg er mykje betre i dag heldigvis. Eg ønskjer alle ein god torsdag!
I wish you all a nice day!
tirsdag 23. oktober 2007
Før og nå. / Now and before.
I 1998 og 1999 blei det lagt ein stor røyrleidning frå eit gassfelt i Nordsjøen og til gassterminalen på Kårstø. Røyret går over garden vår. I den samanhang blei det store endringar på garden. Før var alle markateigane gjerde inn med steingjerder, nå er alt i eit stykke. Å få alt samla gjorde arbeidet på garden lettare på mange måtar. Nå er det berre grensegjerdene som står igjen. Her er ein del bilete før, under og etter arbeidet blei utført. / In -98/-99 we got a gaspipe through our farm. I have taken some photos before, during and after the work was done.
Oversyn over området der røyret skal gå. Tidlegare var teigane til høgre delte med to gjerde til. Alle teigane har eigne namn.
Her er steingjerdet som gjekk mellom sjøvegen og ein liten bekk. (over)
Utrulege mengder med stein, mange av gjerdene var delvis doble. Her leika systrene mine, venninner og eg båt oppi gjerdene medan mor og far mjølka ute. Då var det berre handmjølking. ( over)
"Sjøvegen" rett før solnedgong andre juni 1998. (over og under)
Første "spadestikket" på vår side av gjerdet.
Etter ei lita stund såg det slik ut. Røyret ligg over sundet til Astre bokn herifrå.
Så mange maskinar har det aldri vore på ein gong på Heimdal verken før eller sidan.
Dette siste biletet er tatt nå i sommar. Her ligg alt i eit stykke. Veldig praktisk, men det var nok mykje vakrare før.
Eg er glad for desse fotografia. Sjølv om eg har alt som var i minnet er det kjekt å vise etterkommerane korleis det var før.
mandag 22. oktober 2007
Små vakre detaljar. / Small beautiful details.
Ei av dei eg deler hageinteresse med på heimstaden min heiter Karen. Ho er åtti år og har ein frodig liten hage. Hennar store glede er å prøve nye frø og planter. Eg er så heldig at eg av og til får ein telefon frå henne der ho spør; har du Marie ... i hagen din? Og dersom eg ikkje har det har ho småplanter til overs. I år har eg mellom anna fått denne fine fuksiaplanta. Planta har gjennom sommaren vakse seg frodig og fin og nå blømer ho endeleg. Eg var redd frosten skulle komme før blomane opna seg, men nå er det mildt igjen så plantene står framleis ute. Eg synest denne er ein liten juvel, håpar det går greit å overvintre denne "skatten". / I got this beautiful Fuchsia from an eighty years old woman, she has growed it herself from a seed. She gives me plants from time to time. I am very grateful!
Eg viser nærbilete av blomane på dei andre fusiane mine medan eg er i gong. / Some of my other Fuchsias are blooming too.
Her hos oss blæs og regnar det i dag. Dette er mitt bidrag til å fargelegge og lyse opp ein haustgrå mandag!
It is raining and blowing where I live today. So it is nice to add some colour to a grey day!
søndag 21. oktober 2007
Utsyn frå Heimdalshagen. / The view from my garden.
Desse første bileta tok eg på fredag. Fredagkveld stod himmelen i brann då sola gjekk ned mellom øyar og skjær, men då hadde eg ikkje kamera med meg.
Desse bileta er tatt frå tunet heime. Det første er tatt litt mot nordaust. Eg har latt kamera gå med klokka og det siste av dagbileta er mot sørvest. Bileta er tatt rett etter at sola gjekk ned.
Bileta som følgjer er tatt i kveld. Eit fly har nettopp passert.
Boknasund-bru "by night".
Takk for kommentarar på sist innlegg! Det er så kjekt med tilbakemeldingar! Eg vil gjerne ønskje alle ein god start på veka som kjem!
Thank you for your comment on my latest post! I wish you a nice monday!
Abonner på:
Innlegg (Atom)