lørdag 31. mai 2014

Vips, der gjekk våren over til sommar :)

Våren i år har vore ekstra fin med mange morgonar som dette.



Og kveldar som dette.


Litt skyer innimellom.


Kyr og kalvar er ute på grøne enger.


Rhododendron i ulike fargar har pryda hagen dei siste vekene.




Kveldssol over stauder og nyslått plen.





Hagebuskapen har også kome ut i det grøne :)


Sola vekker til live både dei store-



og dei små.


Storkenebb, favorittar i staudebeda.












Kjekt å sjå desse primulaene er tilbake etter at eg planta dei i fjor.


Fjørekoll/strandnellik.


Iris.


Akeleier, har mange, men ønskjer fleire :)


Stjerneskjerm, passar fint inn i gardshagen.



Krukker og kar er komne opp frå kjellaren, 
fått ny jord og nye sommarblomar.




På terrassen.














På solsida.


Peonene står med bresteferdige knoppar.


Spanske mergeritter.



Prestegardsrosa har opna aller første rosa.



God helg :)

onsdag 14. mai 2014

Hagen blømer, humla summar, og gauken gjel :)

Herleg å sjå staudene spire, og nokre av vårstaudene er alt i blomst.



Påskeliljer og perleblomster er avblømde nå.
Akeleier og vortemelk står alt i blom.


Skyggesildre.




Stjerneskjerm med masse knoppar.




Klokkeblåstjerne.


Hosta likar seg godt der jorda er jamt fuktig.


I steinbedet trivst m.a. snøsløyfe og strandnellik.


Ulike storkenebb.





Rhododendron trivst i fuktig vestlandsver.


Denne er rosa i knopp


og går over i kvit når blomane opnar seg.


Denne har store nydelege blomar, men dei er litt få i år.


Denne skuffar aldri. Masse blomar!



Nå står planting av sommarblomar i krukker og kar for tur :)
Planta dei første i kveld, så kjekt!

lørdag 10. mai 2014

Ein liten kikk inn på det nye badet.

Me har endeleg fått nytt bad i førsteetasje. 
Badet er lite, berre snautt i 4 kvadratmeter
så det var berre plass til det viktigaste.
Me har etter beste evne vore tru mot huset si sjel 
samtidig som det skal vere både fint og lettstelt.

Frøland Badmarked har utført arbeidet med totalrenoveringa frå a til å, 
bortsett frå riving av det gamle og maling av tak og lister.

Me er godt nøgde både med topp service og med kvaliten på arbeidet.


Servanskapet og speilskapet heiter Louis og kjem frå Vedum.


Inni dusjnisja er det lagt inn nokre dekorfliser.


Dusjen som er i nostalgisk stil er frå Mora
.
(Nokre bilde er tatt med blits og andre utan 
så fargane på flisene er ikkje like naturtru på alle bilda. 
Fargen på flisene på bildet over stemmer best med slik dei verkeleg er)


Nostalgisk preg på vasken med marmorplate.


Såpeflaske, tannglass, og glasskål med sølvkant er Lene Bjerre.


Blondegardiner er med på å understreke det nostalgiske.
(ikkje sjå på flisene her, fargen er heilt feil)



Pyntehandkle under vindauga har eg kjøpt på Princess.
(sjå bort frå hyssingen som held stanga på plass medan limet tørkar)
Korga i hjørnet er til oppbevaring av toalettpapir.




Nisje med dekorfliser og lys-spott over toalettet.
Vasen er frå Lene Bjerre.


Klokka i glasposten er også frå Lene Bjerre, t-lysglassa er kjøpte på Princess.


Til slutt nokre før bilde.

I desse dagar er det hage på programmet her hos meg :)

God helg :)

tirsdag 6. mai 2014

Verdas søtaste nålepute :)

Denne skjønne, koselege nåleputa har eg fått av Berit E Tjøsvoll :)
Og for meg som ikkje kan få nok av roser var dette midt i blinken :)






Fatet (over og under) kjøpte eg på loppis for ei tid sidan, roser på det også.


Og nå får dei plass ved sida av kvarandre :)

lørdag 3. mai 2014

Sol ute, sol inne :)

Herleg å starte dagen når sola fløymer inn i stova frå aust.





På ettermiddagen etter arbeidstid har sola tatt runden over himmelen og kikkar inn frå vest :)

Har vore herlege dagar i det siste :)
Ha ei fin mai-veke :)